No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Skattekort for utanlandske arbeidstakarar

Alle som arbeider i Noreg, må ha skattekort.

Arbeidstakarane dine skal ha skattekort sjølv om du eller dei meiner at dei ikkje er skattepliktige til Noreg.

Skattekort

Skattekortet er eit elektronisk dokument som viser kor mykje skatt du som arbeidsgivar skal trekkje før lønna blir utbetalt til arbeidstakarane for arbeidet dei har utført i Noreg. Beløpet du trekkjer, blir kalla skattetrekk eller forskotstrekk og er ei førehandsbetaling av skatten som skattestyresmaktene reknar med at arbeidstakaren din skal betale. 

Dei fleste nye utanlandske arbeidstakarar er omfatta av ei forenkla skatteordning kalla kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar. Ordninga inneber at arbeidstakarane blir skattlagde med ein fast prosent som arbeidsgivar trekkjer ved kvar lønnsutbetaling. Arbeidstakarane kan velje å bli skattlagde etter ordinære reglar i staden for å få kjeldeskatt på lønn. Dei kan ta dette valet anten når dei søkjer om skattekort, eller seinare. Valet kan ikkje gjerast om.

Du hentar informasjon om kva skattekort du skal nytte på den enkelte arbeidstakar i Altinn, ved å bruke det norske identitetsnummeret til arbeidstakaren.

Skattekortet gjeld for eitt inntektsår (kalenderår)

Dersom den tilsette arbeider i Noreg frå 1. november i eitt år til 30. mars i året etter, får han eller ho først eit skattekort for månadene november og desember og så eit nytt skattekort for månadene januar, februar og mars. 

For at du skal få henta skattekort til arbeidstakarane dine, må arbeidsforholdet deira vere registrert.

Arbeidstakar må møte på skattekontoret for ID-kontroll før det kan skrivast ut skattekort

Skattekort blir ikkje oppretta utan at arbeidstakar har vore gjennom ein ID-kontroll. Utan skattekort skal arbeidsgivar trekkje 50 prosent skatt. Kravet om ID-kontroll gjeld ikkje for arbeidstakarar som

  • berre arbeider på den norske kontinentalsokkelen
  • arbeider som sjømenn på eit norskregistrert skip
  • er utanlandsk artist eller idrettsutøvar
  • er tredjelandsborgarar som har fått ID-nummer hos politiet

For å gjennomføre ID-kontroll må arbeidstakaren bestille tid på eitt av dei 42 utvalde skattekontora for ID-kontroll

Viss føretaket ditt har eit oppdrag i Noreg, må du rapportere inn den perioden arbeidstakaren skal opphalde seg i Noreg eller på norsk sokkel

Dette gjer du i oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret. Når du har rapportert inn alle opplysningane for arbeidstakarane dine i dette registeret, og arbeidstakarane har vore gjennom ID-kontroll, blir skattekort skrive ut automatisk. 

Dersom oppdragsgivaren din er ein privatperson, skal du ikkje rapportere arbeidstakarane i oppdrags- og arbeidstakarregisteret. I dette tilfellet rapporterer du arbeidsforholda til arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret hos NAV via a-meldinga.

Dersom arbeidet ikkje er på eit rapporteringspliktig oppdrag, må arbeidstakarane dine sjølve søkje om skattekort. Sjå vegvisaren: Eg er utanlandsk arbeidstakar i Noreg, kva må eg gjere? Arbeidsgivar kan også sende denne søknaden elektronisk på vegner av arbeidstakar.

Trekkfritak

Viss det er sannsynleg at inntekta i Noreg ikkje vil bli skattepliktig, kan du søkje Skatteetaten om å få sleppe å betale inn forskotstrekk for arbeidstakarane. Du må sende inn ein grunngitt søknad til Skatteetaten om trekkfritak for forskotstrekk for arbeidstakar. Søknaden skal sendast inn elektronisk.

Viss du ikkje får fritak for forskotstrekk, skal du trekkje skatt sjølv om arbeidstakarane dine eller du meiner at dei ikkje er skattepliktige til Noreg. 

Arbeidsgivar kan søkje om skattekort på vegner av utanlandsk arbeidstakar

Du som arbeidsgivar kan søkje om skattekort for eventuelle utanlandske arbeidstakarar du måtte ha. Dette gjeld uavhengig av om arbeidstakaren allereie har eit norsk fødsels- eller d-nummer.