Tettpå – samarbeid mot arbeidslivskriminalitet

Tettpå hjelper forbrukarar å velje seriøse handverkarar når dei skal byggje eller pusse opp hus eller hytte.

Tettpå er eit tiltak på tvers av offentlege etatar, partane i arbeidslivet, byggjebransjen og forbrukarane sine interesseorganisasjonar. Føremålet er å redusere etterspurnaden etter useriøs arbeidskraft i byggjenæringa. 

Tettpå fungerer som kommunikasjonskanal og los for forbrukarar i byggje- og oppussingsmodus.

Kort om Tettpå

Skatteetaten har avtalar med aktuelle kommunar og Kartverket om utveksling av data frå byggjesøknader og heimelsovergangar.

Eit serviceteam hos Skatteetaten ringjer forbrukarane som har søkt om byggjeløyve eller kjøpt bustad- eller fritidseigedom i dei aktuelle kommunane. Serviceteamet mobiliserer, rettleier og dyktiggjer forbrukarane i valet av handverkarar. Dei får informasjon om

  • kva dei bør sjekke hos handverksbedrifter
  • kvar og korleis dei kan sjekke opne næringslivsdata
  • fordelane ved å bruke seriøs arbeidskraft
  • kva plikter og rettar dei har som byggherre

Etter telefonsamtalen får forbrukarane ein rettleiar med fleire tips om temaet.

Kundefokus i endring - Anders Øiaas, dagleg leiar i Timberbygg
"Timberbygg har ført statistikk over etterspørselen fra forbrukere helt siden 2014. Statistikken viser en klar dreining i hva som er viktigst for forbrukerne. Fra et ensidig kundefokus på pris i 2014, til et fokus på kvalitet, kompetanse og seriøsitet i dagens marked. Jeg er klar på at byggebransjens uropatrulje og Tettpå er de viktigste årsakene til den positive utviklingen."
"Hei, det er fra Skatteetaten" – leiarartikkel på bygg.no
"Vi håper så mange som mulig tar telefonen når Skatteetaten ringer. Det kan fort blir en av de viktigste samtalene du tar."

Sjå fleire sitat om Tettpå (PDF)

Trondheim var første kommune med i mai 2016. I dag er 22 av
dei største by- og hyttekommunane i landet med på Tettpå-laget.

Last ned lista over alle kommunane som er med i Tettpå (PDF)

  • Færder kommune, frå mars 2019
  • Fredrikstad kommune, frå januar 2021
  • Hol kommune, frå oktober 2018
  • Kragerø kommune, frå oktober 2018
  • Kristiansand kommune, frå oktober 2018
  • Larvik kommune, frå januar 2019
  • Oppdal kommune, frå september 2018
  • Orkland kommune, frå september 2018
  • Rana kommune, frå mai 2021
  • Ringebu kommune, frå mai 2021
  • Ringsaker kommune, frå november 2020
  • Røros kommune, frå september 2018
  • Sandnes kommune, frå desember 2020
  • Sarpsborg kommune, frå januar 2021
  • Sigdal kommune, frå september 2018
  • Stavanger kommune, frå desember 2020
  • Tromsø kommune, frå september 2020
  • Trondheim kommune, frå mai 2016
  • Trysil kommune, frå november 2020
  • Ullensaker kommune, frå mai 2022
  • Vinje kommune, frå desember 2018
  • Øyer kommune, frå oktober 2020

Logoene til samarbeidspartnerne bak Tettpå
Skatteetaten, Arbeidstilsynet, politiet, NAV, Brønnøysundregistrene, Direktoratet for byggkvalitet, Samarbeid mot svart økonomi, Forbrukerrådet, Huseierne, Fellesforbundet, NHO Byggenæringen, Bygghåndverk Norge, Nelfo, EL og IT forbundet, Fair Play Bygg Norge, Finans Norge, Norsk takst, Norges Eiendomsmeglerforbund, Boligmappa

Tettpå kampanjefilmar – "Seriøs handverkar eller seriøse problem?"