Regresjonsanalyse

Ein regresjonsanalyse er ein type statistisk analyse som estimerer kva påverknad eitt eller fleire kjenneteikn har på eigenskapen vi ønskjer å lære meir om. Når ein regresjonsanalyse inneheld fleire forskjellige kjenneteikn, gir han oss svar på kva som er påverkningskrafta til eit kjenneteikn kontrollert for dei andre som inngår i analysen. «Å kontrollere for» vil seie å skilje ut den sjølvstendige effekten av kvart kjenneteikn som inngår i analysen, uavhengig av dei andre.