Oppheld du deg i Noreg i meir enn 183 dagar i ein tolvmånadersperiode eller meir enn 270 dagar i løpet av ein trettiseksmånadersperiode, blir du skattemessig busett i Noreg. Alle heile eller delar av eit kalenderdøgn med opphald i Noreg, blir tatte med ved berekning av talet på dagar. Har du vorte skattemessig busett, opphøyrer dette først etter du har søkt om og har fått vedtak om skattemessig emigrasjon. Statusen som skattemessig busett opphøyrer ikkje ved flytting eller ved at du tar opphald i eit anna land.