Betale eingongsavgift og vrakpantavgift

Her kan du logge inn og søkje opp køyretøyet, og få rekna ut kor mykje du må betale i eingongsavgift og vrakpantavgift.

Først må du få bilen godkjend ved ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen. Når du har gjort dette, kan du anten betale direkte her eller i nettbanken din.

Viktig informasjon

Fra og med 1. juni 2023 vil leverandøren av våre nettbetalingsløsninger ta et gebyr for tjenesten, når betalingen gjennomføres med bedriftskort.

For VISA debet og Mastercard debet er kostnaden henholdsvis 1,39 % og 2,64 % av betalt beløp.

Viktig informasjon

Når du loggar inn og betalar eingongsavgifta, vil du bli rekna som meldar av køyretøyet. Det vil seie at det er du som er avgiftspliktig for eingongsavgifta.

Det er viktig at du legg merke til kven du representerer når du betaler. Skal du melde køyretøyet på vegner av ei verksemd, må du representere verksemda når du betaler.

Personar som ønskjer å bruke betalingsløysinga til Skatteetaten på vegner av ei verksemd, må vere registrerte med riktige rettar i Altinn.

Sjekke rettar

Det går an å sjekke kven som har kva rettar både under eigen profil i Altinn og i sjølvbeteningsløysinga til Skatteetaten.

Tildele rettar

Tildeling av rettar må gjerast av ein i verksemda som har signeringsrett i Altinn.

Du kan sjå tidlegare betalt eingongsavgift/omregistreringsavgift og laste ned kvittering (avstemmingsrapport).

Merk at det ikkje er mogleg å finne kvitteringar for avgifter du har betalt i bank/nettbank. Du finn berre betalingar som er utførte i betalingsløysinga vår og betalt med VISA eller BankAxess.

Logg inn:

Dersom du er brukar av tenesta "Autosys kjøretøy bransjeløsning" frå Statens vegvesen og har behov for å bruke betalingsløysinga, anbefaler vi at du loggar deg inn via Autosys kjøretøy bransjeløsning.

Brukarrettleiing for betalingsløysinga:

Brukerveiledning for Skatteetatens betalingsløsning for engangsavgift i Statens vegvesens bransjeløsning (PDF – oppdatert 16. februar 2023)