D-nummer for utanlandske personar som skal rapportere på vegner av selskap i Noreg

Dersom du skal rapportere for eit selskap i Noreg, treng du ofte eit ID-nummer for å logge deg inn på rapporteringsløysingane til offentlege styresmakter.

Er du ein person utan anna tilknyting til Noreg enn at du skal rapportere på vegner av eit selskap, vil ID-nummeret som hovudregel vere eit d-nummer.

Derfor treng du d-nummer for å rapportere

Du kan få d-nummer viss det trengst i samband med rapportering for selskap med rapporteringsforpliktingar i Noreg.

Dette betyr at du ikkje har d-nummer frå tidlegare, selskapet har rapporteringsplikt for oppgåva du skal utføre og rapporteringsplikta kan delegerast. 

Døme på slike rapporteringsoppgåver er

  • mva-melding
  • skattemelding for selskap
  • årsrekneskap
  • a-melding
  • annan rapportering til offentlege styresmakter

Det kan òg gjelde anna rapportering til offentlege styresmakter. De må då oppgi kva for skjema det gjeld når de søkjer.

Slik søkjer du

Dersom du treng eit d-nummer for å rapportere på vegner av selskap i Noreg, må du sende søknad.

Digitaliseringsdirektoratet hadde tidlegare oppgåva med å behandle desse søknadene, men no er det Skatteetaten du skal sende søknaden til. Dette vart endra 1. juli 2023.

Slik gjer du det:

Last ned og fyll ut søknadsskjemaet

 

Skjemaet må fyllast ut av både

  • den som har ei registrert rolle for selskapet, og
  • den som søkjer om d-nummer for å utføre rapportering

 

Legg ved gyldig legitimasjon

Personen det blir søkt om d-nummer til må̊ leggje ved original stadfesta kopi av eit gyldig legitimasjonsdokument.

Dette kan til dømes vere gyldig pass eller nasjonalt ID-kort.

Legitimasjonen må innehalde bilete, fullt namn, fødselsdato, kjønn, utløpsdato, statsborgarskap og kontrollinjer.

Ein stadfesta kopi betyr at ein tredjepart har tatt kopien av ID-dokumentet ditt, og at den stadfestar dette med signaturen sin og stempelet sitt. Stadfestinga må daterast. Kopien skal vere i fargar, og både framsida og baksida av legitimasjonsdokumentet skal kopierast.

Den stadfesta kopien kan ikkje vere eldre enn tre månader, og han må sendast til oss per post.

Desse kan stadfeste kopien av passet eller det nasjonale ID-kortet ditt:

  • norske offentlege styresmakter, til dømes:
    • skattekontor
    • politi
    • Nav
    • Brønnøysundregistera
    • norske utanriksstasjonar
    • norske domstolar
    • norske kommunar
  • norske autoriserte rekneskapsførarar
  • norske advokatar
  • norske eigedomsmeklarar
  • norske autoriserte eller statsautoriserte revisorar
  • norske bankar
  • nordiske folkeregisterstyresmakter
  • nordisk politi
  • notarius publicus

 

Send søknaden til Skatteetaten

Send utfylt og signert søknadsskjema med vedlegg per post til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo