Fritidsfiske

Viss du fiskar på fritida, kan du selje fisken og tene opp til 4 000 kroner skattefritt. Tener du meir enn dette, er inntekt over 4 000 kroner skattepliktig. Då kan du få frådrag for nokre kostnader du har hatt til fisket.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som sel fisk, til dømes gjennom eit fiskesalslag (fiskemottak) eller direkte til kundar.

Frådrag for kostnader

Inntekt over 4 000 kroner er skattepliktig. Då kan du få frådrag for nokre kostnader.

Du kan berre få frådrag for kostnader som er knytte til fisket av den fangsten du har selt. Det kan til dømes vere

  • kjøp av agn og drivstoff til båten du bruker
  • avgifter til fiskesalslag

Du får ikkje frådrag for faste kostnader til båten, som forsikring, vedlikehald og verditap på grunn av slitasje eller alder. Du får heller ikkje frådrag for kostnader til fiskereiskap eller utstyr til båten, som fiskestong, linehalar, båtlykt og liknande. Slike kostnader inngår i minstefrådraget.

Sidan 4 000 kroner av inntekta er skattefri, får du ikkje frådrag for kostnader knytte til den delen av inntekta.

Per sel fisk og tener 6 000 kroner. Han har også kostnader på 3 000 kroner.

Døme

   Inntekt                                                        6 000 kroner
-  kostnader                                                   3 000 kroner
= inntekt fråtrekt kostnader                           3 000 kroner

Den skattefrie inntekta på 4 000 kroner blir så trekt frå automatisk.

Sidan inntekt fråtrekt kostnader er lågare enn grensa for skattefri inntekt på 4 000 kroner, blir den skattepliktige inntekta 0 kroner.

Per sel fisk og tener 13 000 kroner. Han har også kostnader på 3 000 kroner.

   Inntekt                                                     13 000 kroner
-  kostnader                                                  3 000 kroner
= inntekt fråtrekt kostnader                        10 000 kroner

Den skattefrie inntekta på 4 000 kroner blir så trekt frå automatisk.

   Inntekt fråtrekt kostnader                        10 000 kroner 
-  skattefri inntekt                                         4 000 kroner
= skattepliktig inntekt                                   6 000 kroner

Dette må du gjere

Viss du tener meir enn 4 000 kroner, må du oppgi inntekta i skattemeldinga di. Korleis du skal oppgi inntekta frå fisket er avhengig av om du sel gjennom fiskesalslag eller direkte til kundar.

 

Fiskesalslaget rapporterer inntekta til Skatteetaten, så ho er vanlegvis førehandsutfylt i skattemeldinga di.

Viss du har hatt kostnader knytte til dette fisket, kan du trekkje frå desse kostnadene i det førehandsutfylte beløpet og føre opp nytt beløp i skattemeldinga di.

Det skattefrie beløpet på 4 000 kroner blir trekt frå automatisk.

Døme

Du sel fisk for 20 000 kroner gjennom eit fiskesalslag. Du har hatt kostnader på 9 000 kroner til agn, drivstoff og avgifter til fiskesalslaget. Du har også hatt kostnader til fiskereiskapar.

  Førehandsutfylt inntekt i skattemeldinga              20 000 kroner
- kostnader til agn med meir                                     9 000 kroner
- kostnader til fiskereiskapar                                            0 kroner
  (inngår i minstefrådraget)
= inntekt fråtrekt kostnader                                     11 000 kroner

   Inntekt fråtrekt kostnader                                     11 000 kroner
-  skattefritt beløp                                                      4 000 kroner
   (blir trekt frå automatisk)
= skattepliktig inntekt                                                7 000 kroner

Når du sel fisk direkte til kundar, er inntekta ikkje førehandsutfylt i skattemeldinga di. Du må derfor føre opp denne inntekta i skattemeldinga.

Viss du har hatt kostnader knytte til dette fisket, kan du trekkje frå desse kostnadene når du fører opp inntekta.

Det skattefrie beløpet på 4 000 kroner blir trekt frå automatisk.

Døme

Du sel fisk for 20 000 kroner direkte til kundar. Du har hatt kostnader på 9 000 kroner til agn og drivstoff. Du har også hatt kostnader til fiskereiskapar.

  Inntekt                                                         20 000 kroner
- kostnader til agn med meir                           9 000 kroner
- kostnader til fiskereiskapar                                  0 kroner
  (inngår i minstefrådraget)
= inntekt fråtrekt kostnader                           11 000 kroner

  Inntekt fråtrekt kostnader                            11 000 kroner
- skattefritt beløp                                             4 000 kroner
  (blir trekt frå automatisk)
= skattepliktig inntekt                                      7 000 kroner

Viss du sel fisk både gjennom fiskesalslag og direkte til kundar, vil inntekta frå fiskesalslaget vanlegvis vere rapportert inn og førehandsutfylt i skattemeldinga di. Du må leggje til inntekt frå sal direkte til kundar.

Viss du har hatt kostnader knytte til dette fisket, kan du trekkje frå desse kostnadene i det førehandsutfylte beløpet og føre opp nytt beløp i skattemeldinga di.

Det skattefrie beløpet på 4 000 kroner blir trekt frå automatisk.

Døme

Du sel fisk for 10 000 kroner gjennom fiskesalslag og for 5 000 kroner direkte til kundar. Du har hatt kostnader på 3 000 kroner til agn, drivstoff og avgifter til fiskesalslaget. Du har også hatt kostnader til fiskereiskapar.

   Førehandsutfylt inntekt i skattemeldinga        10 000 kroner
-  kostnader til agn med meir                               3 000 kroner
-  kostnader til fiskereiskapar                                      0 kroner
   (inngår i minstefrådraget)
= inntekt frå sal gjennom
   fiskesalslag fråtrekt kostnader                          7 000 kroner

   Inntekt frå sal gjennom
   fiskesalslag fråtrekt kostnader                          7 000 kroner
+ inntekt frå sal direkte til kundar                         5 000 kroner
-  skattefritt beløp                                                 4 000 kroner
   (blir trekt frå automatisk)
= skattepliktig inntekt                                           8 000 kroner

Spesielt for deg som

Reglane om skattefri inntekt opp til 4 000 kroner gjeld også ved sal av andre hage- og naturprodukt, som bær, sopp og liknande, utanfor næringsverksemd.

Viss du sel fisk frå fritidsfiske over tid og går med overskott, må du vurdere om du driv næring. Er eg næringsdrivande?

Dokumentasjon

Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.