A-meldinga

A-meldinga er ei månadleg melding frå arbeidsgivar til NAV, SSB og Skatteetaten om dei tilsette si lønn, arbeidsforhold og forskotstrekk, i tillegg til arbeidsgivaravgift og finansskatt for verksemda.

Kven har opplysningsplikt og må levere a-melding

Alle som har tilsette, eller betaler ut lønn, pensjon eller andre ytingar, skal levere a-melding. Dersom du har tilsette, eller betaler ut lønn, pensjonar eller andre ytingar, har du opplysningsplikt i a-ordninga og skal levere a-melding.

A-meldinga inneheld opplysningar om lønn og ytingar, i tillegg til status på alle arbeidsforhold.

Når skal du sende inn a-melding

Når dei samla lønnsutbetalingane til ein person i løpet av året er høgare enn 1000 kroner, skal du sende a-melding.

A-meldinga leverer du elektronisk den 5. i kvar månad. Dersom den 5. er ei helg eller ein helgedag, er fristen første yrkedagen etter. Lønn og anna inntekt skal leverast i a-meldinga for den månaden utbetalinga er gjort. Forskotstrekk skal givast opp for den månaden trekket er utført. Du skal levere opplysningar om arbeidsforholdet kvar månad til og med den månaden den tilsette sluttar.

Dersom du har trekt skatt av lønn som er friteken for rapportering, må du likevel sende inn a-melding. Du skal rapportere forskotstrekket, men ikkje lønna.

Levering av a-melding

Her finn du ei rettleiing om korleis du leverer a-meldinga 

Når du leverer, får du med det same ei tilbakemelding med informasjon om kundeidentifikasjonsnummer (KID) og kontonummer for innbetaling av skatten (forskotstrekk).

Samanstilling til den tilsette

Kvart år innan 1. februar skal arbeidsgivarar gi ei årleg samanstilling til dei tilsette over lønn og ytingar, frådrag og trekk som er rapporterte for året før. Samanstillinga kan den tilsette bruke til å kontrollere opplysningane som er på skattemeldinga.

Melding om lønna arbeid i heimen (A04)

Dersom lønnsutbetalingane gjeld arbeid knytt til heim eller fritidsbustad med deg som arbeidsgivaren, kan du bruke Melding om lønna arbeid i heimen A04 (forenkla oppgjersordning for private arbeidsgivarar). Meldinga må du sende når lønnsutbetalingane til den tilsette overstig 6000 kroner. Meldinga fyller du ut for kvar lønnsutbetaling. Dersom du har trekt skatt av lønn som er friteken for rapportering, må du likevel sende ei melding. Du rapporterer då forskotstrekket, men ikkje lønna.

Den tilsette skal ha ei utskrift av ein lønnsslipp ved kvar utbetaling. Lønnsslippen finn du på meldinga du har sendt inn i Altinn. Summen av alle meldingar/lønnsslippar erstattar ei årleg samanstilling, så den tilsette må ta vare på meldinga(ne) for å kontrollere skattemeldinga.

Du finn meir informasjon i "Lønnsarbeid i heimen" og "Betalt barnepass".