Forskotstrekk

Som arbeidsgivar pliktar du å utføre forskotstrekk av lønna til arbeidstakarane dine. Viss du er omfatta av dei forenkla reglane for private arbeidsgivarar, gjeld dei særskilde reglane du finn i lønnsarbeid i heimen. Private arbeidsgivarar som ikkje er omfatta av den forenkla ordninga, må ha ein skattetrekkskonto dei set inn forskotstrekket på når trekket er gjennomført. Du skal betale inn forskotstrekk annankvar månad. Du må summere beløpa for dei to månadene i terminen. Som arbeidsgivar er du både økonomisk og strafferettsleg ansvarleg for å trekkje og betale inn skatt.

Slik gjer du

Samstundes som du betaler ut lønna eller vederlaget, trekkjer du skatt av beløpet. Kor mykje du skal trekkje i skatt (forskotstrekk), går fram av skattekortet du hentar elektronisk for arbeidstakaren. Ein privat arbeidsgivar er vanlegvis ein biarbeidsgivar, og skal då trekkje skatt etter prosentsatsen på skattekortet (del 2). Dersom du er hovudarbeidsgivar og arbeidstakar har tabellkort, skal skatten trekkjast etter tabellen. Forskotstrekket går fram av tabellen som det er oppgitt tabellnummer for. Trekktabellane finn du her. Dersom skattekortet er eit frikort med beløpsgrense, skal det ikkje trekkjast skatt før fribeløpet er brukt opp. Etter å ha gjennomført trekket, set du det inn på skattetrekkskontoen.

Unntak frå trekkplikt

Ved små lønnsutbetalingar gjeld unntak frå plikta til å utføre forskotstrekk. Du kan la vere å trekkje skatt dersom

  • samla forskotstrekk i ein kalendermånad ikkje er over 100 kroner
  • lønna til ein person ikkje er over 500 kroner i ein kalendermånad
  • lønna til ein person ikkje er over 6 000 kroner i løpet av inntektsåret og utbetalinga gjeld arbeid i heimen eller fritidsbustaden til arbeidsgivaren

Det gjeld spesielle føresegner for forskotstrekk i naturalytingar (til dømes gratis kost og losji) og utgiftsgodtgjersler (til dømes bilgodtgjersle). Ønskjer nærmare opplysningar om reglane som gjeld for forskotstrekk i naturalytingar og utgiftsgodtgjersler, se Slik reknar du ut grunnlaget for forskotstrekk.