Skatteavtalar

Noreg har skatteavtalar med ei rekkje land. Desse avtalane regulerer om pensjon og uføreytingar frå Noreg skal skattleggjast i Noreg eller ikkje.

Etter nokre skatteavtalar er alle pensjonar og uføreytingar som blir betalte ut frå Noreg, skattepliktige i Noreg.

Etter andre skatteavtalar er alle eller visse typar pensjonar og uføreytingar skattefrie i Noreg. Dersom du kan dokumentere at du er skattepliktig som busett i eit av desse landa, kan du

  • søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent slik at du blir trekt rett skatt ved utbetalinga av pensjonen din eller uføreytinga di
  • opplyse i skattemeldinga kor stor del av pensjonen eller uføreytinga frå Noreg som er skattepliktig i Norge

Skatteavtalane sine reglar om pensjon gjeld i utgangspunktet ikkje for uføretrygd og andre uføreytingar. Det kan derfor være andre reglar i skatteavtalen som regulerer om uføretrygd og andre uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.

Nokre av dei mest aktuelle skatteavtalane er omtala nedanfor. Informasjonen gjeld skattlegginga av pensjon og uføreytingar for inntektsåret 2023. Det ligg meir informasjon om einskilde land her.

Bur du i Argentina, Brasil, Bulgaria, Canada, Filippinane, Hellas, Indonesia, Kypros eller Tyskland, er alle pensjonar og uføreytingar som blir betalte ut frå Noreg skattepliktige i Noreg.

Dersom du bur i Estland, Irland, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Latvia, Litauen, Marokko, Russland eller Spania, skal pensjon og uføreytingar ikkje skattleggjast i Noreg.

Bur du i Australia, skal pensjonen ikkje skattleggjast i Noreg dersom du aldri har arbeidd for ein offentleg arbeidsgjevar i Noreg. Uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS). skal heller ikkje skattleggjast i Noreg. Er du australsk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.

Dersom du ikkje er australsk statsborgar og du har  arbeidd for ein offentleg arbeidsgjevar i Noreg, skal den delen av pensjonen som er knytt til tidlegare offentleg teneste (inklusiv den tilsvarande delen av grunnpensjonen) skattleggjast i Noreg. Dette gjeld både når pensjonen blir betalt ut frå NAV og frå andre offentlege pensjonsordningar.

Uføretrygd frå folketrygda og andre uføreytingar (med unntak av livrenter) skal skattleggjast i Noreg.

Skatteavtala med Belgia ble endra frå 2019.

Bur du i Belgia skal alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skattleggjas i Noreg.  Er du belgisk statsborgar, skal pensjon/uføreytingar knytet til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.

Bur du i Frankrike, skal pensjon frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar ikkje skattleggjast i Noreg. Uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda skal heller ikkje skattleggjast i Noreg.

Pensjon og uføretrygd frå folketrygda og pensjon knytt til tidlegare offentlig teneste skal skattleggjast i Noreg.

Bur du i Italia skal pensjon ikkje skattleggjast i Noreg dersom du aldri har arbeidd for ein offentleg arbeidsgjevar i Noreg. Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal heller ikkje skattleggjast i Noreg. Er du italiensk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.

Dersom du ikkje er italiensk statsborgar og du har arbeidd for ein offentleg arbeidsgjevar i Noreg, skal den delen av pensjonen som er knytt til tidlegare offentleg teneste (inklusiv den tilsvarande delen av grunnpensjonen), skattleggjast i Noreg. Dette gjeld både når pensjonen blir betalt ut frå NAV og frå andre offentlege pensjonsordningar.

Bur du i Malaysia skal pensjon knytt til tidlegare privat teneste og livrenter ikkje skattleggjast i Noreg. Uføreytingar som er erstatning for påførte skadar, skal heller ikkje skattleggjast i Noreg.

Andre pensjonar og uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.

Bur du i Nederland skal alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygden og uføreytingar frå andre ordninger, skattleggjast i Noreg.

Dersom du budde i Nederland og hadde norsk pensjon/uføreyting i 2013, skal pensjon frå folketrygda, pensjon/uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og pensjon/uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg. Andre pensjonar/uføreytingar er skattepliktige i Noreg. Dette gjeld om du ikkje før utgangen av 2015 har gitt beskjed til skatteetaten både i Noreg og Nederland om at du vil skattleggjast i Noreg for alle norske pensjonar og uføreytingar.

Dersom du bur i eit anna nordisk land skal uføreytingar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (med unntak av livrenter) ikkje skattleggjast i Noreg.

Alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) skal skattleggjast i Noreg.

Bur du i Pakistan skal pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg.

Uføreytingar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (med unntak av livrenter) skal skattleggjast i Noreg.

Bur du i Polen skal pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er obligatoriske pensjonsordningar eller skattefavoriserte pensjonsordningar, ikkje skattleggjast i Noreg.

Pensjonar, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte av NAV, skal skattleggjast i Noreg. Pensjonar og uføreytingar frå innskots- og føretakspensjonsordningar og frå livrenter (IPA og IPS) skal også skattleggjast i Noreg.

Bur du i Portugal, skal pensjon knytt til tidlegare privat teneste og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar ikkje skattleggjast i Noreg.

Er du portugisisk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar, heller ikkje skattleggjast i Noreg.

Andre pensjonar og uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.

Bur du i Storbritannia, skal pensjon, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar, skattleggjast i Noreg.

Uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar skal ikkje skattleggjast i Noreg. Er du britisk statsborgar, skal pensjon/uføreytingar knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.

Budde du i Storbritannia og hadde norsk pensjon den 16.desember 2013, kunne du velje at følgjande typar av ytingar framleis ikkje skal skattleggjast i Noreg:

  • pensjon og uføretrygd frå folketrygda når ytingane ikkje er knytte til tidlegare offentleg teneste
  • pensjon frå private tenestepensjonsordningar
  • pensjon frå andre private pensjonsordningar
  • uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS)

Valet var endeleg og gjeld så lenge du mottek disse ytingane frå Noreg.

Bur du i Sveits, skal pensjonar knytt til tidlegare privat eller offentleg teneste skattleggjast i Noreg.

Andre pensjonar og uføreytingar skal ikkje skattleggjast i Noreg.

Bur du i Thailand kan du søkje om skattefritak i Noreg for den delen av pensjonen som skattleggjast i Thailand. Du kan òg søkje om skattefritak i Noreg for den delen av uføretrygda frå folketrygda og uføreytingar frå livrentar (IPA/IPS) som skattleggjast i Thailand.

Uføreytingar frå offentlege og private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (som ikkje er livrenter), skal skattleggjast i Noreg.

Bur du i Tyrkia, skal pensjon knytt til tidlegare privat teneste, uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og pensjon og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg. Er du tyrkisk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar, heller ikkje skattleggjast i Noreg.

Andre pensjonar og uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.

Krav til dokumentasjon (skatteavtalar)

Søknad om skattekort

Meiner du at heile eller delar av pensjonen din eller uføreytinga di skal vere skattefri i Noreg i 2023 etter reglane i ein skatteavtale, kan du søkje om frikort eller skattekort med lågare skattetrekk enn 15 prosent.

Når du søkjer om frikort fordi pensjonen din eller uføreytinga di ikkje skal skattleggjast i Noreg etter reglane i ein skatteavtale, må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ein bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i det landet du bur i.

Når du søkjer om skattekort med lågare trekk enn 15 prosent fordi delar av pensjonen/uføreytinga ikkje skal skattleggjast i Noreg etter reglane i ein skatteavtale må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • opplyse om du har arbeidd for ein norsk offentleg arbeidsgjevar og eventuelt kor mange år du har vore tilsett i offentleg teneste og kor mange år du har vore tilsett i privat teneste og/eller vore sjølvstendig næringsdrivande. Dette gjeld når du får pensjon.
  • dokumentere kor stor del av pensjonen som ikkje skal skattleggjast i Noreg når pensjonen blir betalt ut av NAV. Dette gjeld når du får pensjon.
  • leggje ved ein bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i det landet du bur i

Certificate of Residence må vere utferda av skattestyresmaktene i det landet du bur i og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje meir enn tre månader gammal.

Skattemelding

Når du har gitt opp i skattemeldinga for 2022 at skattepliktig inntekt er kroner 0, eller du har gitt opp at berre ein del av din pensjon/uføreyting er skattepliktig i Noreg, kan Skatteetaten krevje at du sender inn en bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i det landet du bur i som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Certificate of Residence må vere i original og ikkje meir enn seks månader gammal. Du kan sende inn eit Certificate of Residence som er utferda av skattestyresmaktene i det landet du bur i før du har fått skatteoppgjeret for 2022.

Skatteetaten kan også krevje at du sender inn annen dokumentasjon når det berre er visse typar pensjoner/uføreytingar som er skattefrie, eller det er andre vilkår for skattefritak.

Krav til ekstra dokumentasjon for Portugal

Bur du i Portugal og har NHR-status ("Non-regular resident" / "Residente Näo Habitual"), kan du reknast som busett i Portugal dersom du legg fram dokumentasjon på at du er busett i Portugal etter art. 4 nr. 1 i skatteavtalen mellom Noreg og Portugal. Slik dokumentert NHR-status kan i så fall gi skattefritak for nokre pensjons-/uføreytingar i Noreg. Dette gjeld også når du har lagt fram "Certificate of Residence".

Krav til ekstra dokumentasjon for Thailand og Singapore

Når du er skattemessig busett i Thailand eller i Singapore, og søkjer om skattekort med lågare sats enn 15 prosent, må du i tillegg leggje ved ei eigenerklæring kor det går fram:

  • at du vil opphalde deg i Thailand i minst 180 dagar i 2023
  • kva for beløp som vil bli gitt opp til skattlegging i Thailand i den thailandske skattemeldinga for 2023

Når du har oppgitt i skattemeldinga for 2022 at skattepliktig inntekt er fritatt frå kjeldeskatt på pensjon, eller du har oppgitt at berre ein del av pensjonen din eller uføreytinga di er skattepliktig i Noreg, kan Skatteetaten krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at den norske pensjonen eller uføreytinga er skattlagd i Thailand.