Søk om skattekort for kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar

Kvart år får du eit nytt skattekort eller frikort som er basert på dei opplysningane vi har om skatteplikta di.

Kjeldeskatt på pensjon eller uføreytingar

Du skal betale kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar når du bur i utlandet og ikkje er skattemessig busett i Noreg. Dette gjeld både når du mottar uføreytingar/pensjon frå Nav, og når du mottar pensjon/uføreytingar frå andre ordningar.

Dei som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje 15 prosent skatt med mindre du har søkt om å få eit skattekort med lågare skattetrekk.

Vi sender deg informasjon om skattekortet ditt. Der får du mellom anna informasjon om berekna trekk / frikort for det aktuelle inntektsåret.

Unntak

Dersom du har eit d-nummer, må dette vere aktivt for at du skal ha rett til eit skattekort. D-nummeret blir inaktivert kvart 5. år. For å aktivere d-nummeret må du sende inn gyldig legitimasjon.

Søknader

For å søkje om eit frikort, må du sende ein skriftleg førespurnad, anten elektronisk eller per post til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

I søknaden må du

  • oppgi kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ei stadfesting på bustad (Certificate of Residence). Stadfestinga på bustad må vere utferda av skattestyresmaktene i det landet der du er busett. Det må stå klart og tydeleg i stadfestinga at du er busett der etter skatteavtalen. Stadfestinga må vere original, og ikkje eldre enn seks månader.

For å søkje om eit skattekort med lågare sats enn 15 prosent, må du sende ein skriftleg førespurnad, anten elektronisk eller per post til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

 
I søknaden må du
  • oppgi kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga, kva type pensjon du får, og korleis bruttoinntekta fordeler seg på dei ulike ytingane
  • oppgi om du har arbeidd for ein norsk offentleg arbeidsgivar og eventuelt kor mange år du har vore tilsett i offentleg teneste, og kor mange år du har vore tilsett i privat teneste og/eller vore sjølvstendig næringsdrivande. Dette gjeld når du får pensjon.
  • leggje ved dokumentasjon på kor stor del av pensjonen som ikkje skal skattleggjast i Noreg når pensjonen blir utbetalt av NAV. Dette gjeld når du får pensjon.
  • leggje ved ei stadfesting på bustad (Certificate of Residence). Stadfestinga på bustad må vere utferda av skattestyresmaktene i det landet der du er busett. Det må stå klart og tydeleg i stadfestinga at du er busett der etter skatteavtalen. Stadfestinga må vere original, og ikkje eldre enn seks månader.

Bur du i Thailand eller i Singapore, må du søkje om nytt skattekort dersom

  • du ikkje skal opphalde deg i Thailand eller Singapore i minst 180 dagar i inntektsåret
  • du skal oppgi et anna beløp til skattlegging i Thailand eller Singapore for det aktuelle inntektsåret enn det beløpet du oppgav for året før

Dersom livssituasjonen din endrar seg

Du må søkje om nytt skattekort dersom

  • du flytter til eit anna land
  • du ikkje lenger er skattemessig busett i det landet du sist sendte inn ei stadfesting på bustad frå
  • du byrjar å få nye pensjonar/uføreytingar frå Noreg
    • Dette gjeld òg når du får ein annan pensjon / ei anna uføreyting frå den same pensjonsutbetalaren.
  • du tidlegare har fått skatten berekna etter dei reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, og inntektene dine har endra seg slik at 90 prosent av inntektene dine ikkje er skattepliktig i Noreg lenger.

Dersom det er trekt meir skatt enn det som står på skattekortet, kan du søka om nytt skattekort. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søka om å få utbetalt trekt skatt.

Dersom du endrar adressa di

Du må gje oss opplysningar skriftleg dersom du får ei ny postadresse.

Vil du kontakte oss?

Alle førespurnader skal du anten sende oss elektronisk eller per post til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO