Skattemelding

Personar som kjem inn under reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar, vil få tilsendt ei skattemelding (sjølvmelding) i mars året etter inntektsåret.

Meiner du at heile eller ein del av pensjonen din eller uføreytinga er skattefri i Noreg etter reglane i skatteavtalen med det landet der du er busett, må du endre det beløpet som står i skattemeldinga og oppgi det beløpet som er skattepliktig.

Bustadsattest

Skatteetaten kan krevje at du sender inn ein bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadslandet ditt som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Skatteetaten kan også krevje at du sender inn annen dokumentasjon når det berre er visse typar pensjoner/uføreytingar som er skattefrie, eller det er andre vilkår for skattefritak.

Her finn du som er busett i utlandet og får pensjon eller uføreytingar frå Noreg, hjelp til skattemeldinga.