Tilbakebetaling av for mykje trekt kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar

Her finn du informasjon om kva du må gjere viss du skal søkje om raskare tilbakebetaling av for mykje trekt kjeldeskatt på pensjon eller uføreytingar.

For mykje trekt skatt vil i utgangspunktet bli betalt tilbake til deg ved skatteoppgjeret for det aktuelle inntektsåret. Du vil då få renter på tilgodebeløpet. Skatteoppgjeret blir sendt til deg når vi er ferdige med å behandle skattemeldinga di.

I spesielle tilfelle

Viss du får frikort eller lågare trekk i løpet av året, kan du i spesielle tilfelle søkje om å få utbetalt skatten som allereie er trekt. Dette gjeld berre om du har komme i ein uventa, akutt situasjon med openberre økonomiske problem, der situasjonen ikkje kan løysast på ein annan måte enn å få skattetrekket utbetalt før det ordinære skatteoppgjeret. Du vil ikkje få renter på tilgodebeløpet med ei slik tilbakebetaling.

Søknaden må innehalde desse opplysningane:

  • årsaka til at du treng tilbakebetaling før skatteoppgjeret
  • fødselsnummeret eller D-nummeret ditt
  • kva bankkonto beløpet skal setjast inn på. Du må oppgi IBAN for kontoen din (International Bank Account Number) og BIC (SWIFT-adresse) for den utanlandske banken din (bankfilialen din)

Du må også leggje ved ein stadfesta kopi av passet ditt (eller annan legitimasjon med bilete) og dokumentasjon som viser at du er eigar av kontoen eller har disposisjonsrett til han.

Bur du i eit land som ikkje nyttar IBAN/BIC, må du gi tilstrekkelege opplysningar om kontoen din og namnet og adressa til banken. Sjekk med banken kva opplysningar som er nødvendige.

Slik sender du søknaden

Du kan anten logge inn, leggje ved søknaden og sende til oss, eller sende søknaden som brev til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO