Skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt

Kven kan få skatteavgrensing?

Mottakarar av desse behovsprøvde ytingane frå folketrygda kan få skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt:

  • overgangsstønad etter folketrygdlova § 16-7 (tidlegare familiepleiar)
  • overgangsstønad til attlevande ektefelle
  • pensjon etter folketrygdlova § 16-7 (tidlegare familiepleiar)
  • pensjon til attlevande ektefelle

Einsleg mor eller far som mottar overgangsstønad er ikkje omfatta av skatteavgrensingsregelen.

  • ikkje overstig beløpsgrensene som blir fastsett kvart år av Stortinget. For 2022 gjeld følgjande beløpsgrenser:
    • 147 450 kroner for einslege
    • 135 550 kroner for kvar ektefelle
    • 271 100 kroner til saman for ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar

Når berekningsgrunnlaget (alminneleg inntekt etter korrigeringar som nemnt nedanfor) overstig inntektsgrensene, skal skatt på alminneleg inntekt og trygdeavgift avgrensast til 55 prosent av det overskytande berekningsgrunnlaget.

Berekning av inntekta

Berekningsgrunnlaget for skatteavgrensing tar utgangspunkt i alminneleg inntekt (nettoinntekt). Eit eventuelt tillegg i alminneleg inntekt ved utdeling frå ansvarleg selskap skal trekkjast frå i skattemeldinga di. Deretter legg ein eventuelt til

  • særfrådrag
  • skjermingsfrådrag i aksjeutbytte og/eller aksjegevinstar

Det skal leggjast til eit sjablongmessig inntektstillegg på 1,5 prosent av eventuell nettoformue som overstig 200 000 kroner for einslege / 100 000 kroner for kvar ektefelle. Ved berekning av inntektstillegget inngår ikkje formuesverdi av primærbustad (det vil seie eigen bustad du er fast busett i ved utgangen av inntektsåret) i nettoformuen. Med primærbustad meiner ein her også våningshus på gardsbruk med naturleg arrondert tomt.

Skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt blir gitt automatisk ved skatteberekninga.

Kva skattar blir avgrensa

Skatteavgrensinga omfattar

  • skatt av alminneleg inntekt
  • dei to lågaste nivåa av trinnskatt
  • trygdeavgifter

Skatteavgrensinga omfattar ikkje

  • dei tre høgaste nivåa av trinnskatt
  • formuesskatt