Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

Endra reglar for pendlarar

For pendlarar som har kokemoglegheiter hjå pendlarbustaden, er det ikkje frådragrett for kostutgifter.

Som pendlar har frådragsrett for meirkostnader til kost (mat og drikke) når pendlarbustaden ikkje har kokemoglegheiter, og i maksimalt 24 månader rekna frå det tidspunktet du først vart gitt frådrag for meirkostnadene.

Tidsavgrensinga på 24 månader gjeld òg for losji, noko som betyr at frådragretten for kost og losji stoppar etter 24 månader, rekna frå det tidspunktet frådraget først blir gitt.

Reglane om maksimalt 24 månader med frådrag hadde verknad frå og med inntektsåret 2020. Tidsavgrensinga på 24 månader blir berekna frå 1. januar 2018, slik at bortfallet av frådragretten først skjedde frå 1. januar 2020.

Skifter du kommune for både arbeidsstad og pendlarbustad, kan du få frådrag i ei ny 24-månadersperiode

Kari jobbar i Trondheim, og bur i Oslo med familien sin. Ho byrja å jobbe i Trondheim 01.01.2019, og ho kravde frådrag for husleige (losji) for pendlarbustad i Trondheim i skattemeldinga for 2019 og 2020.

24-månadersperioden går ut 31.12.2020

Kari kan ikkje føre frådrag for utgiftene sine til losji i skattemeldinga for 2021 eller seinare, fordi 24-månadersperioden gjekk ut 31.12.2020.

Ny jobb

Den 01.01.2023 fekk Kari jobb i Ålesund. Der får ho seg ein ny pendlarbustad. Fordi ho har skifta både arbeidsstad og pendlarbustad til ein ny kommune, kan ho på nytt krevje frådrag for husleige (losji) i skattemeldinga for 2023.

Har du heimen din i eit anna EØS-land og arbeider i Noreg, er kravet til talet på besøksreiser for å krevje frådrag for reisekostnader, kost og losji endra frå 2018. Du kan krevje at endringane òg blir lagde til grunn for tidlegare års skattemelding. Sjekk om det gjeld deg.

Frådrag for meirkostnader for deg som har arbeidsstad i Noreg og heimen din er i eit anna EØS-land.