Heimekontor og skatt

Her finn du informasjon om heimekontor, skatt og frådrag når du er tilsett og ikkje jobbar på din vanlege arbeidsstad.

Frådraget du får for å ha heimekontor inngår i minstefrådraget som du får automatisk. For dei fleste vil det ikkje vere lønnsamt å krevje frådrag for faktiske kostnader framfor minstefrådraget du får automatisk. Det betyr i dei fleste tilfelle at du ikkje får ekstra frådrag for kostnader knytte til å jobbe heimanfrå.

Utstyr til heimekontoret

Du kan med nokre atterhald få nødvendig utstyr betalt av arbeidsgivaren utan at dette har konsekvensar for skatten.

Eit funksjonelt heimekontor føreset at du har både arbeidsplass (til dømes skrivebord og stol) og nødvendig utstyr tilgjengeleg heime. For enkelte hjelpemiddel ein treng på heimekontoret, til dømes telefon og internettilgang (EKOM), gjeld eigne skattereglar.

  • Arbeidsgivaren din kan både låne deg kontorutstyr og gi deg kontorutstyr, men for at det skal vere skattefritt, må hovudføremålet vere at du skal bruke det på heimekontoret.

  • Det er også mogleg å kjøpe utstyr til heimekontoret sjølv og få kostnadene tilbakebetalt av arbeidsgivar. Hovudføremålet med kjøp av utstyr må også her vere til bruk på heimekontoret for at det skal vere skattefritt.

  • Dersom arbeidsgivaren din gir deg ein sum pengar som du sjølv disponerer til kjøp av utstyr, vil det vere skattepliktig som lønn. Unntaket er viss du dokumenterer overfor arbeidsgivaren din kva pengane er brukte til, og det berre er utstyr som du har til hovudføremålet å bruke i arbeidet. Eit eventuelt overskott frå den mottatte summen vil vere skattepliktig som lønn.

  • Løpande utgifter til kontorrekvisita som blir brukt, og som utelukkande blir brukt i jobbsamanheng, kan refunderast utan skatteplikt. Dette kan til dømes gjelde toner til skrivar, kopipapir, skriveblokker, pennar m.m.

Frådrag for heimekontor

Kostnader knytte til eit rom i bustaden din som utelukkande blir brukt til heimekontor, som husleige, vask, straum og forsikring, kan gi rett til frådrag. Det same gjeld kostnader til innkjøp av kontormøblar og anna kontorutstyr som hovudsakleg er til bruk på heimekontoret. Alternativet til frådrag for faktiske kostnader er standardbeløpet på 2 050 kroner per år (2023-sats ).

Som tilsett vil frådrag for slike kostnader til heimekontor likevel inngå i minstefrådraget for dei aller fleste. Minstefrådraget får du automatisk.

Du må ha kostnader knytte til arbeidet som overstig minstefrådraget for at det skal lønne seg å krevje frådrag for faktiske kostnader framfor minstefrådraget.

Minstefrådraget for 2023 er på 46 prosent av brutto lønnsinntekt, maksimalt 104 450 kroner. Det betyr at for dei fleste er eit eige frådrag for kostnader til heimekontor ikkje aktuelt.

Mat på heimekontor

Du får ikkje frådrag for kostnader til mat, til dømes lunsj og overtidsmat, på heimekontor, då dette blir rekna som private utgifter. 

Reise til og frå arbeid

Sidan du no ikkje reiser så mykje mellom heimen og arbeidsplassen din, betyr det at du heller ikkje får frådrag for dette.

Dersom du vanlegvis har store reise- eller pendlarutgifter, kan det hende at skattetrekket du hadde på skattekortet i 2023 ikkje tok høgde for at du enda opp med færre dagar med arbeidsreiser enn vanleg. Då kan det vere at du har trekt for lite i skatt i 2023. Dette kan vere ei årsak til at du får restskatt for 2023.

Du må sjølv fylle ut i skattemeldinga kor mange dagar du hadde reiser mellom heimen og arbeidsstaden for å sikre at du får korrekt frådrag.

Sjekk også  skattekortet, her kan du leggje inn dei faktiske tala som gjeld for deg no.

Frådrag for reisekostnader på yrkesreise inngår i minstefrådraget.

For meir informasjon om heimekontor og skatt kan du lese Skatteetatens prinsipputtalelse.