Skatt på telefon og breiband betalt av arbeidsgivar

Viss arbeidsgivaren din dekkjer utgifter til telefon og breiband som du bruker utanom arbeidstid, må du betale skatt.

Det er arbeidsgivaren din som rapporterer inn den skattemessige fordelen din, så du må sjekke at opplysningane i skattemeldinga di stemmer. Dersom opplysningane ikkje stemmer, må du kontakte arbeidsgivaren din.

Du blir skattlagt for inntil 4 392 kroner sjølv om verdien av det arbeidsgivaren din dekkjer er høgare. Det har ikkje noko å seie om arbeidsgivaren din dekkjer éi eller fleire tenester (telefon, breiband med meir). 

Døme 
Dersom arbeidsgivaren din dekkjer 10 000 kroner for både fasttelefon, mobiltelefon og breiband, så blir inntekta di auka med 4 392 kroner i skattemeldinga.

Er du næringsdrivande og driv enkeltpersonføretak, kan du ha krav på frådrag for kostnader til mobiltelefon, breiband med meir som du bruker i næring

Privat bruk blir skattlagd

Om du har med deg mobiltelefonen til arbeidsgivar heim etter normal arbeidstid, går vi ut frå at du kan bruke telefonen utanfor ordinær arbeidssituasjon. Då blir det berekna ein skattepliktig fordel.

Om du i hovudsak ikkje tar med deg telefonen heim etter jobb, men bruker telefonen til private føremål

  • meir enn 14 dagar i løpet av ein 30-dagarsperiode
  • meir enn totalt 30 dagar i løpet av eit år

så blir det også berekna ein skattepliktig fordel.

Om du derimot legg telefonen igjen på arbeidsstaden kvar dag, blir det ikkje berekna ein skattepliktig fordel.

Berekning av den skattepliktige fordelen din

Korleis den skattepliktige fordelen din blir berekna, avheng av om:

  1. Arbeidsgivaren står som abonnent (naturalyting)
    Du får eit fast inntektstillegg på 4 392 kroner per år uavhengig av om du betaler noko sjølv for tenesta.
    Dersom arbeidsgivar berre dekkjer utgiftene for delar av året, vil den skattepliktige fordelen din bli berekna til 366 kroner for heile og påbyrja månader.
  2. Du står som abonnent (utgiftsgodtgjersle)
    Den skattepliktige fordelen din blir berekna til det du faktisk får dekt av utgifter. Du blir maksimalt skattlagt for 4 392 kroner per år.
    Det har ikkje noko å seie om rekninga allereie er betalt av deg eller om den blir sendt direkte til arbeidsgivar for betaling. Beløpet blir rapportert inn av arbeidsgivar den månaden arbeidsgivar dekkjer rekninga.

I nokre tilfelle vil både du og arbeidsgivaren din stå som abonnent, til dømes dersom du får dekt både telefon og breiband. I slike tilfelle er den skattepliktige fordelen framleis avgrensa oppover til 4 392 kroner per år.

Fribeløp for fellesfakturerte varer og tenester

Arbeidsgivaren din kan dekkje såkalla fellesfakturerte varer og tenester med ein samla verdi på inntil 1 000 kroner utan at dette blir rekna som ein skattepliktig fordel for deg. Fellesfakturerte varer og tenester er til dømes teletorgtenester, overprisa SMS/MMS, databasetenester, programvare, nedlasting/strøyming av tv-sendingar, musikk, filmar, spel osv. Det kan også vere betaling for varer, til dømes mat og drikke frå automatar. Enkelte tenester kan også vere inkluderte i abonnementsprisen (tilleggstenester), medrekna fri bruk av musikk- eller filmtenester.

Skattefritaket fungerer slik at det skattefrie botnbeløpet på 1 000 kroner blir fylt opp først. Arbeidsgivar kan la all dekning av slike varer og tenester inngå i det skattefrie beløpet utan å ta stilling til kva som er tenestleg bruk, og kva som er privat bruk. Om dei fellesfakturerte varene og tenestene overstig 1 000 kroner, må arbeidsgivar vurdere det overskytande og fastslå kva som er tenestleg bruk og privat bruk. Den delen av det overskytande beløpet som gjeld privat bruk, skal skattleggjast som lønn etter alminnelege reglar.

Det er arbeidsgivaren din som rapporterer inn beløpet som er dekt, så du må sjekke at opplysningane i skattemeldinga di stemmer. Dersom opplysningane ikkje stemmer, må du kontakte arbeidsgivaren din.