Vanlege spørsmål om særfrådrag for store sjukdomsutgifter

Føresegna om særfrådrag for store sjukdomsutgifter er oppheva frå og med inntektsåret 2012, men det er gitt overgangsreglar som fasar ut særfrådraget og som kjem til å gjelde til det er vedtatt ei ny ordning. Du må ha fått frådraget både i 2010 og 2011 for å ha rett på det.

Kostnadene må kome av sjukdomen/svakheita. Kostnader som du òg ville hatt dersom du var frisk, får du ikkje frådrag for. Dersom sjukdomen har ført til at kostnaden er blitt større enn han elles ville ha vore, kan du likevel få frådrag for meirkostnaden. Det blir slik sett berre teke omsyn til meirkostnaden som kjem av sjukdomen o.a. Når det gjeld kravet til årsakssamanheng, er det òg eit krav om at sjukdomen/svakheita og kostnaden må ha tett nok samanheng.

Du kan mellom anna få frådrag for kostnader til lege (eigendelar i den offentlege helsetenesta), medisin, kostnader til eigna medisinske hjelpemiddel, meirkostnader på grunn av sjukdomen, t.d. eventuelle meirkostnader ved ekstra dyrt kosthald og kostnader til tilsyn, pleie og nødvendig hjelp i heimen.

Du kan òg få frådrag for kostnader til privat behandling, pleie eller opphald på institusjon eller hos privatpraktiserande helsepersonell utanfor offentleg norsk helse- og sosialvesen, men då må det vere slik at det offentlege norske helsevesenet ikkje tilbyr tilsvarande behandling. I tillegg må helsestyresmaktene vurdere om det private helsetilbodet er fagleg forsvarleg. I slike tilfelle må både skatteloven § 6-83 første og andre ledd vere oppfylte for å få rett til særfrådrag.

Du kan lese meir om dette og anna om særfrådrag for store sjukdomskostnader i rettleiinga til skattemeldinga og i Skatte-ABC under emnet Særfradrag – sykdom eller svakhet.

Du må på førespurnad kunne dokumentere/sannsynleggjere at du har hatt sjukdomskostnader som i løpet av inntektsåret utgjer minst 9 180 kroner.

Dersom du har fått tilskot frå det offentlege for å dekkje meirkostnadene du har på grunn av sjukdomen, må du trekkje frå dette når du reknar ut om kostnadene har vore store nok til at du kan krevje frådrag.

Du må sjølv krevje frådrag for sjukdomskostnader når du leverer skattemeldinga.

Du må òg vere førebudd på å måtte dokumentere/sannsynleggjere alle kostnadene du krev frådrag for, dersom skattekontoret ber om det.

Det blir derfor tilrådd at du tek vare på kvitteringar, bilag o.a. som knyter seg til dei kostnadene du meiner du har krav på frådrag for. Dersom kostnadene er vanskelege å dokumentere, vil du likevel kunne få frådrag for dei kostnadene som skattekontoret meiner det er høgst sannsynleg at du har hatt. Dersom du har tilbakevendande meirkostnader ved sjukdomen som er vanskelege å dokumentere, kan sannsynleggjering av meirkostnadene for ein samanhengande, representativ periode i løpet av inntektsåret (minst éin månad) vere tilstrekkeleg sannsynleggjering av sjukdomsutgiftene for heile inntektsåret.

Utfylt skjema som er utarbeidd av ein interesseorganisasjon, er ikkje utan vidare tilstrekkeleg som dokumentasjon/sannsynleggjering av meirkostnadene ved sjukdom. Eit slikt skjema kan likevel gi ei viss rettleiing når det gjeld kostnadene dine som direkte eller indirekte kan knytast til sjukdomen.

Krev du særfrådrag for meirutgifter til kost, mellom anna utgifter til følingsmat, må du på førespurnad kunne dokumentere dette med legeattest der det går fram at sjukdomen er kosthaldsregulert / kost er ein del av behandlinga. Det er i denne samanhengen tilstrekkeleg at du kan leggje fram kvitteringar på utgifter knytte til innkjøp av mat og alkoholfrie drikkevarer i ein samanhengande representativ periode på minst éin månad i løpet av inntektsåret. Det er berre frådragsrett for nødvendige meirutgifter til kost. I dette ligg det at du ikkje kan få frådrag for meirutgifter til urimeleg dyrt kosthald.

Når ein skal fastsetje meirutgiftene til kost, blir det teke utgangspunkt i SIFO (Statens institutt for forbruksforsking) sitt standardbudsjett for det aktuelle inntektsåret – for forbruksutgifter til matvarer og alkoholfrie drikkevarer.

Dersom du ikkje kan sannsynleggjere storleiken på dei faktiske meirutgiftene til kost, kan meirutgiftene sjablongmessig setjast til 4000 kroner for heile inntektsåret. Beløpet omfattar òg utgifter til følingsmat. Ver merksam på at du i tillegg til sjablongbeløpet på 4000 kroner må dokumentere/sannsynleggjere ytterlegare meirutgifter på minst 5180 kroner for å kunne krevje særfrådrag. Sjå over om vilkåret om storleiken på kostnaden.

Vi viser til Skatte-ABC under emnet Særfradrag – sykdom eller svakhet dersom du vil ha meir utfyllande informasjon.

Forsørgjer du eit funksjonshemma barn, kan du krevje særfrådrag for ekstra tilsynskostnader som kjem av barnet sin sjukdom eller varige svakheit. Du får då frådrag frå og med første krone for dokumenterte meirutgifter som er grunna helsetilstanden til barnet. Kravet til minste kostnads- og frådragsnivå på kroner 9180 gjeld ikkje for utgifter til tilsyn av sjukt barn.

Dersom du òg har andre utgifter som kjem av eigen eller forsørgd person sin sjukdom, skal du rekne med alle utgiftene. Dette inneber at du kan ha rett til særfrådrag for andre sjukdomsutgifter under minstegrensa, dersom desse saman med utgifter til tilsyn av barn minst utgjer kroner 9180. Med omgrepet tilsynsutgifter meiner vi dei same utgiftstypane som er omfatta av foreldrefrådraget (pass og stell av heimeverande barn), men særfrådrag blir berre gitt for dei ekstra tilsynsutgiftene som kjem av helsetilstanden til barnet. Du får altså ikkje frådrag for dei tilsynskostnadene som blir dekte gjennom foreldrefrådraget. Du må kunne dokumentere både tilsynsbehovet og utgiftene dersom vi ber om det.

Viktig informasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne legge fram dokumentasjon viss vi spør.