Underhaldsbidrag

Med underhaldsbidrag meiner vi regelbunde økonomisk bidrag til ein person ein etter lov eller avtale er forplikta til å underhalde utan motyting. I prinsippet kan underhaldsbidrag betalast til kven som helst uavhengig av slektskap eller familietilknyting. 

Fra og med inntektsåret 2020 er det ikkje lengre skatteplikt for mottatt underhaldbidrag. Frådragrett for betalt underhaldbidrag er òg fjerna.
Det vil likevel vera skatteplikt for mottatt underhaldbidrag som blir ytt av konkursbu etter konkurslova.

Motteke underhaldsbidrag kan vere skattepliktig eller skattefritt for mottakaren avhengig av kva relasjon det er mellom betalaren og mottakaren. Tilsvarande kan betalt underhaldsbidrag gi rett til frådrag eller ikkje gi rett til frådrag for betalaren avhengig av kva relasjon det er mellom betalar og mottakar. Nedanfor kjem vi inn på dei mest vanlege underhaldsbidraga.

Dersom du vil ha meir informasjon, kan du sjå Skatte-ABC 2019 under emnet "Underholdsbidrag".

Skatteplikt for den som tek imot underhaldsbidrag?

  • Barnebidrag etter barnelova er ikkje skattepliktig inntekt.
  • Underhaldsbidrag frå ektefelle, sambuar, foreldre eller barn er ikkje skattepliktig inntekt.
  • Underhaldsbidrag frå separert/fråskild ektefelle er skattepliktig inntekt, dersom bidraget er gitt regelbunde og ikkje som eit eingongsbeløp.
  • Underhaldsbidrag frå andre personar som i ein avtale har teke på seg ei forsørgingsplikt for mottakaren, er skattepliktig inntekt for mottakaren, dersom bidraget er gitt regelbunde og ikkje som eit eingongsbeløp.
  • Skattepliktig underhaldsbidrag skal førast i skattemeldinga di.

Frådragsrett for den som betaler underhaldsbidrag?

  • Barnebidrag etter barnelova gir ikkje rett til frådrag.
  • Underhaldsbidrag til ektefelle, sambuar, foreldre eller barn gir ikkje rett til frådrag.
  • Underhaldsbidrag til separert/fråskild ektefelle gir rett til frådrag, dersom bidraget er gitt regelbunde og ikkje som eit eingongsbeløp.
  • Underhaldsbidrag til andre personar som ein i ein avtale har forplikta seg til å forsørgje, gir rett til frådrag for betalaren, dersom bidraget er gitt regelbunde og ikkje som eit eingongsbeløp.
  • Underhaldsbidrag med rett til frådrag skal førast i skattemeldinga di.

Dersom Skatteetaten spør etter dokumentasjon, må ein dokumentere både bidragsplikta og at bidraget er betalt. Det er inga beløpsgrense for frådraget. Dersom underhaldsbidrag i løpet av året er meir enn 10 000 kroner, er det også eit vilkår for frådragsrett at bidraget er betalt via bank.