Bestille, sjå eller endre skattekortet

Her kan du bestille, kontrollere og/eller endre skattekortet.

Viss livssituasjonen din, inntekta di eller utgiftene dine har endret seg, er det viktig at du sjekkar og eventuelt endrar tala i skattekortet. Feil tal kan føre til restskatt.

Vel kva du vil gjere

Viktig informasjon

Logg inn:

 

Dette må du gjere

Finn fram informasjon om kva du trur du kjem til å ha i inntekt, gjeld og formue frå 1. januar til 31. desember 2024. 

  1. Inntekter - ein lønnsslipp, dokumentasjon frå Nav eller andre som betaler ut pensjon, som viser kva du kjem til å tene. Eller legg inn det du trur du kjem til å ha i inntekt.
  2. Gjeld og formue - dokumentasjon frå banken som viser gjeld, gjeldsrenter og eventuell formue. 

Arbeidsgivaren hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten. 
Det betyr at du ikkje får det heim i posten.

Etter at du har bestilt skattekortet

Du får ei skattetrekksmelding om lag fem arbeidsdagar etter bestilling. Skattetrekksmeldinga viser skattekortet ditt og kva inntekter, utgifter, formue og gjeld du har oppgitt. Skattetrekksmeldinga finn du når du loggar deg inn. Viss du ikkje er elektronisk brukar, sender vi skattetrekksmeldinga til den folkeregistrerte adressa di. Du skal ikkje sende noko til arbeidsgivaren din.

I desember kvart år får du eit nytt skattekort som arbeidsgivaren din hentar. Dersom du ikkje har fått informasjon om skattekortet ditt innan 9. januar, kan det vere at Skatteetaten ikkje har nok opplysningar til å berekne eit skattekort. Då kan du bestille skattekort og leggje inn opplysningane sjølv.

Utanlandsk arbeidstakar

Er du utanlandsk arbeidstakar, kan du bestille skattekort her.

Viss du tener mindre enn 70 000 kroner

Du kan bestille eit frikort viss du kjem til å tene 70 000 kroner eller mindre i løpet av året.

Logg inn:

 

Tala i skattekortet 

Skattekortet du mottar i desember er sett opp med dei tala vi har frå før. Vi har tatt utgangspunkt i inntekta og utgiftene dine i året før og det vi trur er sannsynleg at du vil tene i det nye året. 

Dette må du gjere når du har logga inn

  1. Sjekk og eventuelt rett tala for det du har tent og blitt trekt i skatt frå januar og fram til no.
    Opplysningane finn du på den siste lønnsslippen din, eller eventuelt ved å leggje saman beløpa på alle lønnsslippane eller pensjonsutbetalingane.
  2. Kontroller tala og eventuelt endre årsinntekt, andre inntekter og frådrag. Du skal oppgi alle beløpa for heile året og før frådrag (bruttobeløp).

Nedst på sida finn du "Total berekna skatt i 2024"
Viss du har endra noko, og det er stor skilnad på dette talet og talet ved sidan av som er stroke over, bør du sende inn endringane. 

Logg inn:

 

Skattekortet kan endres gjennom året.

Dersom du endrar etter at inntekta er rapportert til Skatteetaten

Har du eit tabellkort, vil det blir gjort om til eit prosentkort.

Du er sjølv ansvarleg for å passe på at det blir trekt riktig skatt. Hugs at når livssituasjonen eller økonomien din endrar seg, kan det vere grunn til å endre skattekortet.

Før du endrar

Det er lurt å finne fram informasjon om kva du trur du kjem til å ha i inntekt, gjeld og formue frå 1. januar til 31. desember. 

  • Inntekter - ein lønnsslipp, dokumentasjon frå Nav eller andre som betaler ut pensjon, som viser kva du kjem til å tene. Eller legg inn det du trur du kjem til å ha i inntekt.
  • Gjeld og formue - dokumentasjon frå banken som viser gjeld, gjeldsrenter og eventuell formue.

Når du er logga inn, må du

  • sjekke og eventuelt rette tala for det du har tent og blitt trekt i skatt frå januar og fram til du vil endre.
    Opplysningane finn du på den siste lønnsslippen din, eller eventuelt ved å leggje saman beløpa på alle lønnsslippane eller pensjonsutbetalingane.
  • kontrollere og eventuelt endre årsinntekt, andre inntekter og frådrag. Du skal oppgi alle beløpa for heile året og før frådrag (bruttobeløp). 
  • sende inn endringane 

Etter at arbeidsgivar har rapportert lønn første gong for gjeldande år, får du eit prosentkort, sjølv om du pleier å ha eit tabellkort.

Du får et nytt skattekort

Du får ei stadfesting på endringane som er gjort. Det nye skattekortet finn du når du loggar inn. Viss du ikkje er elektronisk brukar, sender vi skattekortet til den folkeregistrerte adressa di.

Arbeidsgivaren din får automatisk beskjed og tilgang til det nye skattekortet. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivaren din.

Du er sjølv ansvarleg

Du må passe på at det blir trekt riktig skatt. Hugs at endringar i inntekter, utgifter, renter, formue eller livsendringar generelt, kan vere grunn til å endre skattekortet. Dette gjeld særleg om du opplever inntektstap på grunn av permittering eller oppseiing.

Du kan ikkje avgjere sjølv kor mykje skatt du vil betale kvar månad. Viss du vil trekkje meir skatt enn det skattekortet viser, kan du be arbeidsgivar om å gjere det. Då treng du ikkje nytt skattekort.

Du kan også

Viss berekningsgrunnlaget på skattekortet ditt er riktig, men du likevel ønskjer å trekkje meir skatt, treng du ikkje søkje om nytt skattekort.

Snakk med arbeidsgivaren din eller lønnskontoret, eventuelt Nav/pensjonsutbetalar, og be dei trekkje meir i skatt.

Arbeidsgivar eller pensjonsutbetalar pliktar å trekkje meir skatt dersom du ber om det.

Både Nav, pensjonsutbetalarar og alle arbeidsgivarar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten.

Fleire arbeidsgivarar

Har du tabellkort, må du passe på at tabelltrekket berre blir brukt av hovudarbeidsgivaren din. Det er den arbeidsgivaren som du får høgast inntekt frå. Du må sjølv avklare med arbeidsgivar om dei skal vere hovudarbeidsgivar eller biarbeidsgivar. Dette skal ikkje registrerast hos Skatteetaten, men i lønnssystemet.

Du kan velje å endre til prosentkort. Det gjer du når du er logga inn i skattekort‑tenesta.

Har du prosentkort, kan alle arbeidsgivarane dine bruke det same skattekortet. Når livssituasjonen eller økonomien endrar seg, er det spesielt viktig å oppdatere tala i skattekortet når du har prosentkort. Dette for å unngå restskatt. 

Ulike ytingar frå Nav

Viss du får utbetalt fleire ulike ytingar frå Nav i same periode, må du ta kontakt med Nav og passe på at tabelltrekket berre blir brukt på ei av ytingane. Du kan eventuelt velje å endre til prosenttrekk for å få likt trekk for alle ytingar. Det gjer du når du er logga inn i skattekort‑tenesta.

Meir om skattetrekk hos Nav.

Dette er spesielt for deg som

Forskotsskatt

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), er deltakar i ansvarleg selskap eller har andre inntekter eller formue som ikkje er trekkpliktig, og betaler forskotsskatt, kan du endre forskotsskatten. Du kan også be om å få skrive ut forskotsskatt viss du ikkje har betalt forskotsskatt tidlegare.

Du er grensegjengar hvis du

  • bur i ein svensk eller finsk kommune som grensar mot Noreg, og
  • arbeider i ein kommune i Noreg som grensar mot landet du bur i
Alle grensegjengarar får ei skattemelding frå Noreg.

Som grensegjengar er du ikkje skattepliktig i Noreg, men i det landet du bur i. Dei fleste grensegjengarane er likevel medlemmer av norsk folketrygd og skal betale trygdeavgift. 

Korleis få skattekort

Dersom du er grensegjengar, må du ta kontakt med Skatteetaten og dokumentere at du fyller kravet for å vere grensegjengar. Når det er gjort, skriv Skatteetaten ut eit skattekort på 7,9 prosent, som er trygdeavgifta du skal betale.

Arbeidsgivaren din hentar skattekortet direkte frå Skatteetaten. Du får informasjon om skattekortet ditt, ei skattetrekksmelding, sendt til den adressa som er registrert på deg i Folkeregisteret. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivaren din.

Ytingar frå Nav

Grensegjengarføresegna gjeld berre arbeidsinntekt. Dersom du tek imot ytingar frå Nav, eller ytingar frå arbeidsgivar som blir refundert av Nav, er dei ytingane vanlegvis skattepliktige til Noreg. Då må du ta kontakt med Skatteetaten for å få eit nytt skattekort.

Unnatak frå medlemskapen i norsk folketrygd

I utgangspunktet legg Skatteetaten til grunn at grensegjengarar som arbeider i Noreg er medlemmer av norsk folketrygd. Om du i tillegg arbeider i andre land enn Noreg, er du sannsynlegvis medlem i trygdeordninga i bustadslandet ditt. Då må du ta kontakt med Forsäkringskassan (Sverige) eller Pensionsskyddscentralen/Eläketurvaskeskus (Finland) for å få avklart medlemskapen.

Om du ikkje skal vere medlem av norsk folketrygd, må trygdestyresmaktene i heimlandet ditt sende stadfesting på dette til Nav. Skatteetaten får deretter beskjed om dette elektronisk frå Nav. A1 og/eller andre blankettar frå styresmakter i andre statar er ikkje tilstrekkeleg som dokumentasjon på unntak frå plikta til å betale trygdeavgift.

For å få meir informasjon om skattekortet kan du sjå: