Arbeidsinntekt til barn under 13 år

Barn under 13 år kan tene inntil 10 000 kroner skattefritt i eit inntektsår.

Frikortgrensa på 10 000 kroner i løpet av eit år gjeld uavhengig av om inntektene er tente hos ulike arbeidsgivarar. Skattefritaket gjeld berre lønn for faktisk arbeid som barnet utfører sjølv, dvs. ein konkret arbeidsprestasjon.

Passive honorar, som til dømes reklamefotografering av spedbarn, er skattepliktige og skal skattleggjast foreldra til barnet.

Barn under 13 år kan som hovudregel ikkje ta arbeid

Etter arbeidsmiljølova kan barn under 13 år som hovudregel ikkje ta arbeid. Dersom eit barn under 13 år skal arbeide, krevst det samtykke på førehand frå Arbeidstilsynet.

Ein arbeidsgivar som ønskjer å tilsetje eit barn under 13 år, må søkje Arbeidstilsynet om godkjenning. Godkjenninga må vere gitt før barnet kan begynne å arbeide. Viss du ønskjer meir informasjon, kan du sjå Arbeidstilsynet.

Bestill frikort eller skattekort 

Dersom du skal bestille frikort eller skattekort til barn under 13 år kan du sende ei melding til oss (du må logge inn) med opplysningar om:

  • namnet til barnet
  • fødselsdato
  • inntekt (maks 10 000 kroner)
  • opplysningar om namn og eventuelt organisasjonsnummer på arbeidsgivar/oppdragsgivar
  • skildring av arbeidet.

For å bestille frikort elektronisk må barnet fylle 13 år i inntektsåret.

Arbeidsinntekt over 10 000 kroner

Dersom barnet tener meir enn 10 000 kroner er den overskytande inntekta skattepliktig. Då må den skattleggjast på vanleg måte saman med foreldra si inntekt. Vanlegvis blir det fordelt ein halvpart på kvar av foreldra viss ikkje foreldra vel ei anna fordeling. Dersom foreldra ikkje bur saman, skal inntekta til barnet som hovudregel skattleggjast den av foreldra barnet er registrert busett saman med i Folkeregisteret.

Trenger du hjelp? Chat med oss

Av hensyn til din egen sikkerhet ber vi deg om å ikke skrive personopplysninger eller sensitive opplysninger, som for eksempel fødselsnummer og helseopplysninger. På chat kan vi ikke gi status i pågående saker.

Åpningstider på chat: 09:00 til 15:30 på kvardagar. 

footer/desktop/standard