Bestille frikort

Eit frikort er eit skattekort som viser at arbeidsgivar ikkje skal trekkje skatt dersom du tener 70 000 kroner eller mindre.

Viktig informasjon
  • Du får tildelt frikort automatisk frå og med det året du fyller 13 år om du tente under frikortgrensa året før.
  • Du må vere elektronisk brukar for å
    • bestille frikort
    • fordele frikortbeløpet mellom arbeidsgivarar
    • sjekke om du har frikort
    • få varsel om frikortet
  • Du må logge deg inn med elektronisk ID
  • Foreldre kan ikkje bestille frikort på vegner av barna sine.

Når frikortet er tildelt, er det tilgjengeleg også for arbeidsgivar.

Når frikortet er tildelt, er det tilgjengeleg også for arbeidsgivar.

Frå og med det året du fyller 13 år får du frikort automatisk viss du tente frikortgrensa i fjor. Vi sender deg eit varsel på SMS eller e-post når første arbeidsgivar har henta frikortet. Viss fleire arbeidsgivarar prøver å hente frikortet, sender vi deg også eit varsel. Hugs at du då må fordele frikortbeløpet mellom dei. For at du skal kunne motta varsel, må du vere registrert som elektronisk brukar.

Dersom du lurer på om du har fått frikort kan du logge deg inn for å sjekke om du har fått frikort.

Viss du ikkje har fått frikort og ventar å tene mindre enn 70 000 kroner, må du bestille frikort.  

Vi gir deg beskjed når det nye frikortet er klart til bruk.

Viss du tener meir enn 70 000 kroner

Kjem du til å tene meir enn frikortgrensa, må du bestille skattekort. Har du først brukt frikort og tent noko utan å trekkje skatt, vil beløpet du allereie har tent takast med i grunnlaget for berekninga av nytt skattekort. Uansett om du først har hatt frikort eller ikkje, vil den totale skatten du betaler bli den same.

Er du ikkje elektronisk brukar

Då må du først skaffe deg elektronisk ID. Dette er ikkje noko du kan bestille over telefon.

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester. Du kan bruke innloggingsløysinga til dømes til å levere skattemeldinga eller endre skattekortet.

Når du bruker ID-porten kan du velje om du vil logge deg inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides.

Ungdom, arbeid og skatt

Skatt på 1-2-3: Slik henger det sammen

Se sammenhengen mellom skattekort, skattemelding og skatteoppgjør, og hva du skal gjøre i løpet av året for å få riktig skatt.