Frikort eller skattekort

Frå det året du fyller 13 år, skal du ha skattekort eller frikort dersom du tener eigne pengar som ikkje blir rekna som "skattefrie småjobbar".

Frikort

Eit frikort er eit skattekort som viser at arbeidsgivar ikkje skal trekkje skatt. Du kan bestille frikort viss du tener 55 000 kroner eller mindre på eitt år. Det inkluderer all skattepliktig lønn, sjukepengar og feriepengar. Både feriepengar du tente opp i fjor og som blir utbetalte i år, og feriepengar du får utbetalt dersom du sluttar i jobben i år, inngår i frikortbeløpet på 55 000 kroner. 

Skattekort

Har du frikort og tener meir enn 55 000 kroner

Då må du bestille skattekort.

Det beløpet du allereie har tent utan å trekkje skatt, blir inkludert i grunnlaget for utrekninga av eit nytt skattekort. Uansett om du har hatt frikort først eller ikkje så blir den totale skatten du betaler den same. Dersom du ikkje bestiller nytt skattekort, trekkjer arbeidsgivar 50 prosent skatt av inntekta du tener over frikortgrensa. Du får tilbake det du eventuelt har betalt for mykje i skatt, året etter.

Skattefrie småjobbar

  • Dersom du i løpet av året ikkje tener meir enn 1000 kroner hos éin arbeidsgivar, skal du ikkje betale skatt av det.
  • Jobbar du for eit idrettslag eller ein annan frivillig organisasjon, kan du tene opptil 10 000 kroner i løpet av året hos denne organisasjonen utan at du må betale skatt.
  • For lønnsarbeid i heimen, i hagen, med bilen eller på fritidseigedomen til ein privatperson, kan du tene opptil 6000 kroner i løpet av året hos denne personen utan at du må betale skatt.
  • Du kan lese meir om småjobbar og tenester her.

Ta vare på lønnsslippen – den er kvittering for betalt skatt

Kvar gong du får lønn, skal du få lønnsslipp frå arbeidsgivaren. Lønnsslippen skal vise kva du har tent og kva som eventuelt er trekt frå i skatt. Den er òg kvittering for betalt skatt – ta vare på han.

 

footer/desktop/standard