Ungdom, arbeid og skatt

Dersom du har fått deg ein sommarjobb eller ein fast jobb, må du skaffe deg eit skattekort. Om du skal ha eit frikort eller eit skattekort kjem an på kva du kjem til å tene i løpet av året.

Kvifor betaler vi skatt?

Vi ønskjer at det skal vere mogeleg for alle å gå på skule og lære å lese og rekne. Viss vi blir sjuke, ønskjer vi at vi skal få behandling på sjukehus. Det kostar pengar. Mange pengar. Difor er det viktig at alle er med på å betale. Det gjer vi ved å betale skatt. Du kan lese meir om dei ulike måtane å betale skatt på.

Kven kan ta seg arbeid og kor mykje?

Frå du er 13 år kan du ta deg arbeid. Mellom 13 og 15 år har du berre lov til å ha lett arbeid. Er du mellom 15 og 18 år, kan du arbeide med det meste. Du skal likevel ha særleg god opplæring og oppfølging frå arbeidsgivar dersom arbeidet kan vere skadeleg og krev at du er forsiktig. Du kan ikkje ha overtid og heller ikkje arbeide mellom klokka 23 og klokka 6 før du har fylt 18 år. Dagleg arbeidstid pluss skuletid skal ikkje vere meir enn åtte timar.

Det er eigne aldersgrenser for maskin- og krankøyring, for ein del arbeid i jordbruket og på bygg og anlegg. Særskilde aldersgrenser gjeld òg for sal av tobakk og servering av alkohol.

Arbeidsavtale

Du har krav på ei skriftleg arbeidsavtale frå arbeidsgivar. I arbeidsavtalen skal løn, arbeidstid og arbeidsoppgåver gå heilt klart fram.

Spørsmål generelt om arbeidsmiljø, oppseiingsvern, arbeidskontrakt, feriepengar m.m. finn du på arbeidstilsynet.no. Informasjon tilpassa ungdom i arbeid finn du detaljert her.

Arbeidsforhold

Skattefrie småjobbar

Kva betaler du ikkje skatt av?

  • Lønnsinntekt inntil kr 1 000 per år frå ein arbeidsgivar (du kan ha fleire arbeidsgivarar per år og tene inntil kr 1 000 frå kvar av dei)
  • lønnsinntekt inntil kr 6 000 per år viss du jobbar i arbeidsgivaren sin heim (eks. barnepass, plenklipping, snømåking)
  • lønnsinntekt inntil kr 10 000 per år viss arbeidsgivaren er ein ideell organisasjon (idrettslag, musikkorps osb.). 

Lønnsslipp

Kvar gong du får lønn, skal du få ein lønnsslipp frå arbeidsgivaren. Lønnsslippen skal vise lønn og kor mykje som eventuelt er trekt i skatt. Lønnsslippen er òg ei kvittering for betalt skatt. Ta difor vare på han!

Sjukepengar

Dersom du har ein jobb, men ikkje kan arbeide fordi du er sjuk, kan du ha krav på sjukepengar. Sjå nav.no eller kontakt NAV for meir informasjon om sjukepengar.

Ferie og feriepengar

På arbeidstilsynet.no kan du lese alt om rettar og plikter i høve til ferie og feriepengar.

Skattekort eller frikort

Frå det året du fyller 13 år må du ha skattekort eller frikort viss du har eiga inntekt. Er du under 13 år gjeld det andre reglar.

Du klarar deg med frikort dersom du ikkje har inntekt over frikortgrensa.  I dette beløpet skal all skattepliktig løn, sjukepengar, feriepengar og fri kost og losji reknast med. 
Skattekortet dannar grunnlaget for at skatten som blir trekt er rett i forhold til inntektene og utgiftene dine.

Hugs å rekne med anna inntekt som du får utbetalt.

Både feriepengar du tente opp i fjor og som blir utbetalt i år, og feriepengar du får utbetalt dersom du sluttar i jobben i år, blir lagt til som inntekt det året pengane blir utbetalt. Det er først når fribeløpsgrensa er brukt opp at arbeidsgivar skal trekkje skatt. Hugs at du må bestille skattekort om du tener over frikortbeløpet.

Med skattekort blir det trekt skatt ved kvar utbetaling. Dersom du ikkje har frikort eller skattekort, skal arbeidsgivar trekkje 50 prosent skatt av inntekta di.

Dersom du hadde frikort i fjor treng du ikkje å søkje om nytt frikort. Frikortet er allereie tilgjengeleg for arbeidsgivar.

Skattemelding

Dersom du har hatt arbeidsinntekt i året som var, får du tilsendt skattemeldinga i slutten av mars/starten av april. Viss du ikkje har fått ho innan midten av april, må du kontakte oss.

Hugs alltid å kontrollere tala i skattemeldinga. Dersom alt stemmer og du ikkje gjer endringar, treng du ikkje å sende inn. Viss du har endringar, loggar du deg inn og gjer dei naudsynte endringane direkte i skattemeldinga.

Saman med skattemeldinga di får du ei førebels skatteutrekning. Dersom du finn ut at du har betalt for lite skatt, kan du betale eit tilleggsforskot innan 31. mai året etter arbeidsåret. Då slepp du restskatt og renter.

Skatteoppgjer 

Skatt som blir trekt frå lønna di, er ei førebels skattebetaling. Blir det trekt for mykje skatt, får du pengar tilbake når skatteoppgjeret kjem. Blir det trekt for lite, må du betale det som er trekt for lite. Du må betale restskatt. Du kan rekne ut skatten din sjølv.

Får du pengar tilbake må du sjekke at kontonummeret ditt er rett

Du får pengane raskare viss vi har rett kontonummer.  Mellom 4. april og 15. mai kan du kontrollere og eventuelt endre kontonummer.

Nyttige nettsider

Har du spørsmål om:

footer/desktop/standard