Vi gir deg beskjed når skattemeldinga di er klar

I år blir skattemeldinga (sjølvmeldinga) tilgjengeleg for deg ein av dagane mellom 18. og 31. mars. Det betyr at alle ikkje får tilgang til skattemeldinga samtidig.

Viss du ikkje har fått nokon beskjed frå Skatteetaten om at skattemeldinga di er klar, kan du vente med å logge inn.

Vi gir deg beskjed når skattemeldinga di er klar. Dei fleste blir varsla i e-post.

Dei som loggar inn i skattemeldinga før den er klar, hamnar her på denne sida.

Dei som har fått e-postvarsel om skattemeldinga kjem inn. 

Skattemeldinga fungerer som ho skal for alle dei som har fått e-post om at ho er tilgjengeleg.

Mange prøvar å logge inn sjølv om dei ikkje har fått e-post om at skattemeldinga er tilgjengeleg

Disse blir vist til "Skatten min" som skulle informere om at skattemeldinga ikkje var tilgjengeleg og at dei må vente på e-post frå Skatteetaten før dei kan sjå skattemeldinga for 2019. Dessverre har "Skatten min" ikkje vore tilgjengeleg heile tida. Dette betyr at du kan ha fått ei feilmelding, eller vorte sendt tilbake til framsida av skatteetaten.no.

Andre varslar (ikkje skattemeldinga)

Vi sender òg ut andre varsel for tida. Til dømes om skatteoppgjer for 2018 eller aksjar. Vêr oppmerksam på at varslar du får kan gjelde anna enn skattemeldinga for 2019.

Andre måtar å logge inn

Dei som prøver å komme inn på skattemeldinga før dei har fått e-post, eller frå andre stader som til dømes sidan "Skatten min" eller via Altinn, vil ikkje finne skattemeldinga si. Sidan "Skatten min" er tatt ned for nødvendig vedlikehald. Du må vente på at vi varslar deg om at skattemeldinga di er klar

Medan du ventar

Du kan førebu deg til skattemeldinga di kjem, ved å lese litt meir om desse temaa:

Frådragsrettleiaren
Hjelp til å forstå kva frådrag du kan ha krav på.

Skatt når noko skjer i livet
Dette er lurt å tenke på når livet endrar seg.

Tema: