Skattemeldinga – sjå, endre eller levere

Skattemeldinga er ei oversikt over kva du hadde i inntekt, frådrag, formue og gjeld i fjor. 

Fristen for å endre og levere er 30. april.

Sjekk skatten

For å vere sikker på at du ikkje betaler for mykje eller for lite i skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga er rette.

Fristen for å levere er 30. april.

Dette må du gjere

Skattemeldinga er førehandsutfylt med informasjon vi får frå arbeidsgivarar og andre utbetalarar, bankar og andre du har lån hos og liknande.

Sjekk det du har fått i inntekt og betalt i skatt

Inntekt kan vere

  • lønn frå ein arbeidsgivar
  • pensjon eller uføretrygd frå Nav
  • sjukepengar, dagpengar, foreldrepengar og andre ytingar frå Nav

Du kan logge inn og sjekke kva arbeidsgivarar, pensjonsutbetalarar og andre har rapportert inn

Sjekk lån og formue

Sjekk at opplysningane om lån og formue stemmer. Alle norske bankar rapporterer inn alle renter og andre kostnader som er betalte inn til dei, og som du kan få frådrag for.

Har du lån i utlandet, må du sjekke om det er med og leggje til om det manglar.

Du kan få verdsetjingsrabatt på formuen din. Får du det, er det førehandsutfylt i skattemeldinga di.

Finn ut om du har krav på frådrag

Har du krav på frådrag, kan det føre til at du betaler mindre i skatt. Nokre frådrag er utfylte på førehand, andre må du føre opp sjølv.

Finn ut om du har krav på frådrag i frådragsrettleiaren

Dersom det er feil eller manglar i skattemeldinga du har fått, må du endre desse slik at skattemeldinga di blir rett. Til dømes om du har kjøpt eller seld bustad, du har barn som har byrja i barnehagen eller du har byrja å pendle til og frå jobb.

Sjølv om du har levert skattemeldinga, kan du framleis gjere endringar. Då må du huske å levere skattemeldinga på nytt. Du kan endre tre år tilbake i tid.

Fristen for å endre og levere skattemeldinga er 30. april.

Du kan endre og levere så mange gonger du vil, også etter at fristen er gått ut. Du treng ikkje sende oss dokumentasjon før vi spør etter det.

Viss du ikkje leverer skattemeldinga innan fristen, reknar vi ho som levert med dei førehandsutfylte opplysningane.

Du kan søkje om å få utsett fristen for å levere. Du kan få utsetjing på inntil 30 dagar, og fristen for å søkje om utsetjing er 30. april. Får du utsetjing, kan du ikkje rekne med å få skatteoppgjeret i juni.

Næringsdrivande

Har du eit enkeltpersonføretak, må du levere skattemeldinga same kva, og du må levere henne elektronisk. Fristen for å levere er 31. mai.

Skattemeldinga for enkeltpersonføretak er heilt lik skattemeldinga for deg som privatperson, men du må i tillegg leggje inn næringsopplysningar.

 

Kontonummer, restskatt og skatt til gode

I skattemeldinga ser du ei førebels utrekning av skatten din.

Det kan skje endringar i denne etter du har levert. Når du har levert skattemeldinga, går vi gjennom alle opplysningane.

Om du må betale meir i skatt eller får pengar tilbake, får du vite i skatteoppgjeret.

For å få utbetalt pengar frå Skatteetaten, må vi ha eit kontonummer.

Sjekk at du har registrert eit kontonummer, og at det stemmer.

Særleg for deg som

Viss du får skattemeldinga på papir, skal du sjekke at alt er rett, gjere eventuelle endringar og sende ho inn. Du kan òg logge inn og levere elektronisk.

Har du ingen endringar, treng du ikkje sende skattemeldinga.

Fristen for å levere skattemelding for næringsdrivende er 31. mai. Dette gjelder for eksempel for enkeltpersonforetak og aksjeselskaper.

Se skattemelding for næringsdrivende

Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret.

Skattemelding og skatteoppgjeret til den som er død, vert automatisk sendt til kontaktpersonen som er registrert i Folkeregisteret.

Kontaktperson vert registrert når skifteform er valt og meldt til tingretten.

Skattemeldinga vert sendt ut i april og skatteoppgjeret tidlegast ut i august.

Du kan framleis endre eldre skattemeldingar 3 år tilbake i tid.

Sjå ein film om korleis du endrer og sender inn skattemeldinga på nytt.

Er du utanlandsk arbeidstakar som ikkje er skattemessig busett i Noreg, kan du be om tidleg innsending av skattemeldinga (førehandsfastsetjing) slik at behandlinga blir ferdig før arbeidsopphaldet ditt i Noreg blir avslutta.

Skatt på 1-2-3: Slik henger det sammen

Se sammenhengen mellom skattekort, skattemelding og skatteoppgjør, og hva du skal gjøre i løpet av året for å få riktig skatt.