I 2021 får dei fleste den nye skattemeldinga

Dei fleste lønnsmottakarar og pensjonistar som er elektroniske brukarar får den nye skattemeldinga for inntektsåret 2020. Ei viktig endring er at ikkje alle får skattemeldinga samtidig.

Skattemeldinga blir tilgjengeleg på ulike datoar. Som alltid får du beskjed frå Skatteetaten når du kan sjekke skattemeldinga di.

Somme får framleis skattemeldinga i same format som tidlegare. Det kan vere fordi du, eller eventuell ektefelle, registrert partnar eller meldepliktig sambuar, har skatteforhold som ikkje er dekt i den nye skattemeldinga i år.

Slik er den nye skattemeldinga

Den nye skattemeldinga er framleis førehandsutfylt med opplysningar, men ho har fått ein ny utsjånad og har blitt enklare å bruke. Det viktigaste er framleis at du sjekkar, endrar eller legg til opplysningar i skattemeldinga di.

Her kan du sjå døme på kva som er nytt i den nye skattemeldinga

Øvst i skattemeldinga finn du ei førebels utrekning av skatten din for inntektsåret, og kva du får att eller må betale tilbake. Denne utrekninga blir oppdatert etter kvart som du gjer eventuelle endringar i skattemeldinga.  

Dersom du ikkje ser ei førebels utrekning av skatten din, kan det vere fordi vi manglar opplysningar frå deg. Dette får du informasjon om i skattemeldinga di.

Du ser også status for skattemeldinga di, det vil seie om du har levert eller ikkje, eller om du har gjort endringar du ikkje har sendt inn enno.

Døme på korleis det kan sjå ut:

NN-Forsiden(Grønn boks).png

I den nye skattemeldinga er opplysningane dine sorterte i det vi kallar tema, og ikkje i postar som tidlegare. Under eit tema finn du opplysningar som naturleg høyrer saman, samla. Til dømes er alle opplysningar om bank og forsikringar samla under temaet «Bank, lån og forsikring», og alle opplysningar om eigedom, eigedelar og utleige er samla under «Bustad og eigedelar».    

Opplysningane er samla i tema: 

  • Arbeid, trygd og pensjon
  • Bank, lån og forsikring
  • Bustad og eigedelar
  • Familie og helse
  • Finans
  • Gåve og arv
  • Metode for å unngå dobbel skattlegging
  • Næring
  • Andre forhold

Sjå oversikt over kva postar som har blitt til kva tema i den nye skattemeldinga.

Slik kan det sjå ut:

NN-Fagforeningskontingent.png

Dersom du har fått ny skattemelding, skal du mest sannsynleg ikkje fylle ut skjema du tidlegare har fylt ut. Du loggar inn og fyller ut opplysningane direkte i skattemeldinga. Er du usikker på kva skattemelding du har fått, kan du lese meir om dei ulike formata av skattemeldinga.

Desse skjema er ein del av den nye skattemeldinga:

  • RF-1030 Skattemelding for formue- og inntektsskatt
  • RF-1125 Bruk av bil
  • RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag
  • RF-1150 Nedsetting av inntektsskatt på lønn
  • RF-1159 Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt
  • RF-1189 Utleige m.m. av fast eigedom
  • RF-1231 Bankinnskott i utlandet
  • RF-1175 Næringsoppgåve*

*Næring gjeld spesielt dei som er med i piloten for næringsdrivande, men tema «Næring» er også tilgjengeleg for alle andre. I næringstemaet kan du til dømes leggje til overføring av overskott frå ektefelle med næring, eller inntekter frå familiebarnehage. Dei med heilt enkle forhold med inntekt under 50.000, kan og bruke dette temaet.

Under kvart tema er ulike opplysningar grupperte saman i eitt kort. I eit kort viser vi til dømes alle forhold som har med lønn frå éin arbeidsgivar å gjere. Det kan vere fleire kort under kvart tema, avhengig av kor mange skatteforhold du har.

Har du fleire arbeidsgivarar, viser vi dei kvar for seg. Dersom arbeidsgivaren din har betalt forsikringar og telefon for deg, blir det rekna som ein del av lønna di og blir lagt til i inntekta di.  

Vi summerer alle beløp som høyrer saman, og viser deg kva beløp vi bruker når vi reknar ut skatten din, i eit oppsummeringskort. Lønna di består til dømes ikkje berre av beløpet du fekk i lønn.

Slik kan det sjå ut:

Arbeid-trygd-og-pensjon_2.png

Nedst i skattemeldinga oppsummerer vi alle skatteforholda dine med ei oversikt over beløp vi bruker i utrekninga av skatten din.

Dersom du ikkje ser ei førebels utrekning av skatten din, kan det vere fordi vi manglar opplysningar frå deg. Oppsummeringa blir oppdatert dersom du legg inn opplysningane, og du får sjå ei førebels utrekning av skatten din.

Døme på korleis det kan sjå ut:

NN-Oppsummerings-siden.png.jpg

I den nye skattemeldinga rettleier vi deg direkte i sjølve skattemeldinga, mellom anna ved å gi deg ein merknad om moglege feil. Dersom du til dømes legg inn renteutgifter som er veldig høge i forhold til gjelda di, blir du spurt om dette er rett.

Vi gir deg også beskjed om informasjon vi ønskjer, til dømes om utleige eller areal i bustaden din, eller om vi ønskjer at du skal leggje ved dokumentasjon på noko. Dette skal hjelpe deg med å leggje inn korrekte opplysningar og få rett skatteoppgjer.

Døme på korleis det kan sjå ut:

NN-Bolig og eiendeler.jpg

Fordi den nye skattemeldinga di er meir digital enn før, har vi høve til å oppdatere skattemeldinga di med nye opplysningar fortløpande, også etter at du har fått skattemeldinga.

Dette gjer vi til dømes dersom vi får nye opplysningar frå ein tredjepart, som banken eller arbeidsgivaren din.

Du kan få nye opplysningar fram til fristen for innlevering, dersom du ikkje har levert skattemeldinga. Du får e-post frå oss, så lenge du ikkje har levert eller fristen for innlevering har gått ut.

I skattemeldinga får du ei melding øvst, som ser slik ut:Nye GLD copy.pngDu bør sjekke at dei nye opplysningane stemmer.

Slik gjer du det

Du kan leggje til eller endre førehandsutfylte opplysningar i skattemeldinga ved å trykkje på Legg til eller Endre.  

Eksempel på korleis det kan sjå ut:

NN-Bolig og eiendeler.jpg

I utgangspunktet sender vi skattemeldinga i nytt format berre til dei som har skatteforhold vi dekkjer, men det kan ha skjedd endringar hos deg som vi ikkje veit om, og som gjer at du må bruke skattemeldinga i gammalt format. Dette ligg i så fall i Altinn.

Er det skatteforhold du ønskjer å leggje inn, men som du ikkje finn, må du trykkje på Finn du ikkje det du leitar etter? under Legg til nye opplysningar og deretter gå til den gamle versjonen av skattemeldinga di i Altinn. Der kan du leggje inn alle skatteforhold frå 31. mars.

Slik gjer du det:

Trykk på biletet for å sjå stor versjon

Finn du ikkje det du leitar etter

Dersom du ønskjer å laste ned fila eller skrive ut skattemeldinga til eige bruk, kan du gå til oppsummeringa og klikke på "Skriv ut" øvst i høgre hjørne.

Lagre, skriv ut eller del skattemeldinga Klikk på "Print til PDF" for å lagre fila.

Dersom du skal sende skattemeldinga som dokumentasjon til andre, til dømes til kommunen eller i ein lånesøknad til banken, kan det vere krav til større detaljeringsgrad enn oppsummeringa du får i den nye skattemeldinga. 

Sjå korleis du lagrar, deler og skriv ut skattemeldinga til bruk som dokumentasjon. 

Sjå film: Slik ser den nye skattemeldinga ut

Sjå ein film som viser den nye skattemeldinga og gir deg ei enkel innføring i korleis du sjekkar, endrar og sender inn skattemeldinga.

Skattemelding og sjølvmelding er det same. I 2017 endra sjølvmeldinga namn til skattemelding.