Slik kan du lagre, skrive ut eller dele skattemeldinga

Dersom du skal lagre, skrive ut eller dele skattemeldinga, kjem framgangsmåten an på om du har fått ny skattemelding eller skattemelding i gammalt format.

Eg har fått skattemelding i gammalt format (Altinn)

Dersom du ønskjer å lagre skattemeldinga som ei fil eller skrive ut ein kopi av skattemeldinga på papir, kan du logge inn i Altinn, hente ho ned som ei PDF-fil og skrive ho ut. Skattemeldinga er tilgjengeleg 31. mars.

Etter at du har logga inn, ser det slik ut:

Slik lagrer du skattemeldinga

I dette vindauget klikkar du på meldinga som heiter "Melding: Skattemeldinga [for det aktuelle året]". Då får du opp ei PDF-fil som du kan lagre eller skrive ut.

Eg har fått ny skattemelding

Dersom du ønskjer å laste ned skattemeldinga til eige bruk, gjer du det i den nye skattemeldinga.

Dersom du skal sende skattemeldinga til andre, til dømes til kommunen eller i ein lånesøknad til ein bank, kan det vere krav til større detaljeringsgrad enn oppsummeringa du får i den nye skattemeldinga.  

Du finn PDF-versjonen av den opphavlege skattemeldinga di ved å logge inn i Altinn. I år er denne tilgjengeleg frå 30. mars for alle som har fått ny skattemelding.

Etter at du har logga inn, klikkar du på meldinga som heiter "Melding: Skattemeldinga for 2019 som dokumentasjon". Då får du opp ei PDF-fil som du kan lagre eller skrive ut.

Eg er usikker på kva for ei skattemelding eg har fått 

Dersom du er usikker på kva for ei skattemelding du har fått, kan du sjå ei oversikt over dei ulike formata.