D-nummer

Eit norsk d-nummer er eit unikt identitetsnummer som ofte er aktuelt dersom du har ei mellombels tilknyting til Noreg.

Det gjeld til dømes dersom du skal jobbe i Noreg i nokre månader, er asylsøkjar, eller om du er utanlandsk statsborgar og har eit styreverv i eit norsk firma.

Vilkåra for å få d-nummer

Det finst to typar identitetsnummer i Noreg: fødselsnummer og d‑nummer. Kva identitetsnummer du som utanlandsk person får, er mellom anna avhengig av kor lenge du har tenkt å vere i Noreg.

Du kan få eit d-nummer dersom du planlegg å opphalde deg i Noreg

  • mindre enn seks månader, eller
  • meir enn seks månader, men ikkje oppfyller vilkåra for å få tildelt eit fødselsnummer

Slik får du d-nummer

Når du er i kontakt med ei verksemd eller myndigheit for å få utført ei teneste eller gjennomført ei oppgåve, kan det hende at dei har behov for at du har eit norsk identitetsnummer.

Om du ikkje har eit fødselsnummer, kan somme etatar og verksemder bestille eit d‑nummer til deg. Dersom du til dømes søkjer om skattekort, vil Skatteetaten bestille d‑nummer til deg.

Du kan få eit d-nummer dersom du til dømes

  • skal arbeide eller drive næringsverksemd
  • er asylsøkjar eller har anna gyldig opphaldsløyve
  • mottar trygd
  • er styremedlem i eit føretak
  • eig ein bustad
  • skal opne bankkonto

  • Skatteetaten – til skatte- og avgiftspliktige personar
  • NAV – for EØS-arbeidssøkjarar og/eller mottakarar av trygdeytingar
  • Bankar, finansinstitusjonar og forsikringsselskap – for forretningsforhold med norske bankar eller andre finansinstitusjonar
  • Verdipapirsentralen – ved oppretting av VPS-konto
  • Brønnøysundregistera – for registrering i FØretaksregisteret, Einingsregisteret eller Lausøyreregisteret
  • Kartverket – som matrikkelmyndigheit for tinglysing av fast eigedom
  • Helseøkonomiforvaltninga (Helfo) – for asylsøkjarar og NATO-personell som skal ha fastlege
  • Utlendingsdirektoratet, utlendingseininga i politiet og Utlendingsnemnda – for asylsøkjarar ved registrering av søknad om vern og for andre personer med gyldig opphaldsløyve
  • Utanriksdepartementet – for utanlandsk ambassadepersonell eller utanlandske borgarar i internasjonale organisasjonar og mellomstatlege konvensjonsorgan med sete i Noreg som er tilmelde til og aksepterte av Utanriksdepartementet i medhald av utlendingsforskrifta § 1-4 og § 1-5, første til tredje ledd

 

ID-kontroll

Verksemda som bestiller d‑nummer til deg kan krevje at identiteten din blir kontrollert.

Då må du bestille time hos Skatteetaten for ID-kontroll. 

Slik får du d-nummeret ditt 

Du får d-nummeret ditt i posten. Dersom det er Skatteetaten som bestiller d‑nummer til deg, får du i tillegg d-nummeret i skranken når du møter for ID‑kontroll.

Dersom du er asylsøkjar, vil du som hovudregel få d-nummeret ditt i asylsøkjarbeviset du får frå politiet. 

D-nummer med status inaktiv 

D-nummeret blir inaktivt fem år etter at du fekk det tildelt. Det betyr ikkje at d‑nummeret er ugyldig eller sletta, men i somme samanhengar kan du møte krav om at statusen må vere aktiv. Det er verksemda som bruker opplysningane om deg som avgjer om dette er eit krav.

Aktivere d-nummer igjen

Dersom d-nummeret er sett til inaktivt, og du har fått beskjed om å aktivere det på nytt, må du bestille time for ID-kontroll hos Skatteetaten. 

Du kan ikkje møte til ID-kontroll før d‑nummeret har vorte inaktivt. Det skjer fem år etter at du fekk tildelt d‑nummeret. 

Du kan logge inn for å sjekke om d‑nummeret ditt er sett som inaktivt:

Mine opplysningar i Folkeregisteret

Dersom du har busett deg i Noreg, skal du melde flytting til Noreg. Med busett meiner vi at du bur i Noreg i seks samanhengande månader, eller meir varig.

Dersom meldinga di om innflytting til Noreg blir godkjent, får du eit fødselsnummer. Det erstattar d nummeret ditt. Les meir om å melde flytting til Noreg. 

 

Dette betyr siffera i d-nummeret ditt

D-nummeret består av elleve siffer.

  • Dei seks første siffera viser fødselsdato, og det første sifferet er auka med fire. Om du til dømes er fødd 1. januar 1985, vil dei første seks siffera i d‑nummeret ditt vere 410185.
  • Dei tre neste siffera er individnummer, der det tredje sifferet viser til kjønn: kvinner har partal og menn har oddetal.
  • Dei to siste siffera er kontrollsiffer. 

Dersom det ikkje finst eit ledig d-nummer knytt til fødselsdatoen din, blir registreringsdatoen (dag og månad) brukt. Dersom d-nummeret ditt vart bestilt til dømes 15. januar 2020, vil dei første seks siffera i d-nummeret ditt vere 550185. Den korrekte fødselsdatoen din vil likevel stå i Folkeregisteret i feltet for fødselsdato.