Slik fungerer identitetsnummer i Noreg

Her får du vite korleis identitetsnummer blir tildelte og kva rettar og plikter dei gir.

Kort om identitetsnummer

I Noreg bruker vi identitetsnummer for å identifisere personar som har ei tilknyting til landet. Mange offentlege etatar og private verksemder krev at du har eit norsk identitetsnummer for å få tilgang til tenestene deira. Du må til dømes ha eit norsk identitetsnummer for å opne ein bankkonto. Det finst to typar identitetsnummer: fødselsnummer og d-nummer.

  • Eit fødselsnummer er samansett av elleve siffer, der dei seks første siffera viser fødselsdato. Både norske og utanlandske statsborgarar kan få eit fødselsnummer. Alle barn som blir fødde i Noreg, og norske barn i utlandet som skal ha norsk pass, får eit fødselsnummer. Dersom du skal bu i Noreg i minst seks månader eller meir varig, får du eit fødselsnummer. 
  • Eit d‑nummer inneheld også elleve siffer. Det er berre utanlandske statsborgarar som får d‑nummer.

Les meir om dei to typeae identitetsnummer:

Desse kan få identitetsnummer

Du kan ikkje søkje om å få eit fødselsnummer eller eit d‑nummer. Det er folkeregisterregelverket som avgjer kven som kan bli tildelt eit norsk identitetsnummer, og tildelinga skjer som ein konsekvens av at ein person oppfyller vilkåra i regelverket.

Du kan få eit identitetsnummer dersom

  • du skal bu i Noreg og vere registrert som busett i Noreg i Folkeregisteret 
  • du får skattekort 
  • du skal opne ein bankkonto  
  • du søkjer om vern i Noreg  
  • du skal vere registrert som rolleinnehavar i Føretaksregisteret 

Dersom du skal bu i Noreg i minst seks månader eller meir varig, får du eit fødselsnummer. Alle barn som blir fødde i Noreg, og norske barn i utlandet som skal ha norsk pass, får også eit fødselsnummer.

Dersom du ikkje oppfyller vilkåra for å få eit fødselsnummer, kan du få eit d nummer. Når du er i kontakt med ei privat eller offentleg verksemd for å få utført ei teneste eller gjennomført ei oppgåve, kan det hende at dei har behov for at du har eit norsk identitetsnummer. Om du ikkje har eit fødselsnummer, kan somme etatar og verksemder bestille eit d-nummer til deg. Skatteetaten bestiller til dømes eit d nummer til deg dersom du skal ha skattekort og ikkje har eit norsk identitetsnummer frå før. Etaten eller verksemda som bestiller eit d nummer til deg avgjer om du må møte til ID-kontroll hos Skatteetaten.

Rettar og plikter du får med identitetsnummer

Korleis du er registrert i Folkeregisteret, kan påverke rettane og pliktene dine i Noreg. Rettane og pliktene du har i Noreg kan avhenge av

  • om du har fødselsnummer eller d‑nummer
  • kva status du er registrert med i Folkeregisteret (til dømes busett i Noreg eller utflytta)
  • om du er ID‑kontrollert eller ikkje

Somme digitale tenester i Noreg krev at du har eit fødselsnummer, men også eit d nummer gir deg tilgang til mange digitale tenester i Noreg, som til dømes å lage ein elektronisk ID.

Statusen din i Folkeregisteret skal mellom anna vise om du bur i Noreg eller ikkje. Dersom du flyttar til Noreg, skal du melde flytting. Dersom meldinga di om flytting til Noreg blir godkjent, får du tildelt eit fødselsnummer. Det betyr også at du får statusen «busett» i Folkeregisteret.

Desse bruker opplysningane i Folkeregisteret

Ei rekkje offentlege etatar og private verksemder bruker opplysningane som er registrerte i Folkeregisteret, til dømes:

  • Skatteetaten 
  • valstyresmaktene 
  • NAV 
  • Utlendingsdirektoratet (UDI) 
  • Lånekassen 
  • Statens vegvesen 
  • Statistisk sentralbyrå (SSB) 
  • bankar og forsikringsselskap 
  • arbeidsgivarar 
  • private organisasjonar og personar 

Skatteplikt i Noreg

Legg merke til at det å vere registrert som busett i Noreg i Folkeregisteret, ikkje er det same som å vere vurdert som skattemessig busatt i Noreg.