Sjøfolk som er busette i utlandet

Sjøfolk som er busette i utlandet og arbeider på norske skip, er i utgangspunktet skattepliktige til Noreg. Skatteplikta kan vere avgrensa ved skatteavtale. Denne artikkelen gjeld ikkje for deg som arbeider i petroleumsverksemd på norsk sokkel.

Her finn du informasjon om kva du må gjere for å betale rett skatt til Noreg.

Arbeidsgivaren (reiaren) din søkjer om d-nummer på dine vegner. Du treng ikkje å møte opp, men godkjend legitimasjon må leggjast ved søknaden. Du vil få tilsendt opplysningar om d-nummeret ditt. 

Sjøfolk som ikkje er skattemessig busette i Noreg og som er tilsette på norske skip, er skattepliktige til Noreg. Skatteplikta kan vere avgrensa ved skatteavtale. Les meir om skattemessig bustad.

Personar som er busette i Norden, er også skattepliktige til Noreg for inntekta som er tent opp om bord på utanlandsregistrerte skip som er eigde eller blir drivne av eit norsk selskap.

Det er unntak for personar som er busette utanfor Norden og tenestegjer om bord på eit skip som er registrert i Det Norske Internasjonale Skipsregister (NIS). Desse personane er ikkje skattepliktige til Noreg.

Skatteavtalen mellom Noreg og bustadsstaten din kan også avgrense retten som Noreg har til å skattleggje lønnsinntekta di.

Sjølv om du ikkje er skattepliktig til Noreg, kan du likevel måtte betale trygdeavgift til Noreg.

Ver merksam på at personar som arbeider om bord på fartøy i petroleumsrelatert verksemd på norsk kontinentalsokkel, ikkje blir rekna som sjøfolk og difor er skattepliktige til Noreg etter petroleumsskattelova. Meir informasjon for sokkelarbeidarar.

Trygdeavgift

Dersom du er tilsett om bord på eit norsk skip, skal du betale trygdeavgift til Noreg om du er

  • norsk statsborgar
  • busett i Norden
  • statsborgar i eit EØS-land eller Sveits
  • tilsett på eit skip som går i avgrensa fart (innanriks i Noreg)

Fritak frå å betale trygdeavgift til Noreg

Sjølv om du er statsborgar i eit EØS-land, kan du i enkelte tilfelle søkje om fritak frå å betale norsk trygdeavgift. Kontakt i så fall trygdestyresmaktene i bustadslandet ditt og be dei om å sende skjemaet A1 til NAV. Skatteetaten blir informert når fritaket er innvilga.

Sjøfolk som er busette i utlandet, får ikkje skattekort. Eigne trekktabellar gjeld. Trekktabellane tek høgde for frådraga du har krav på, og er baserte på 12 månaders jamt trekk. Ved val av tabell må arbeidsgivaren din vite om du skal betale trygdeavgift, og om du har rett på særskilt frådrag for sjøfolk.

Dette er dei ulike trekktabellane:

  • Tabell 0101 gjeld sjøfolk som skal betale trygdeavgift og oppfyller vilkåra for sjømannsfrådrag.
  • Tabell 0100 gjeld sjøfolk som ikkje skal betale trygdeavgift til Noreg.
  • Tabell 7350 gjeld sjøfolk som ikkje oppfyller vilkåra for sjømannsfrådrag.
  • Tabell 7500 gjeld sjøfolk som ikkje oppfyller vilkåra for sjømannsfrådrag og ikkje skal betale trygdeavgift til Noreg.
  • Det finst ikkje nokon tabell for sjøfolk som skal betale trygdeavgift til Noreg, men som ikkje er skattepliktige til Noreg. Arbeidsgivaren vil likevel trekkje trygdeavgift frå lønna.

Alle sjøfolk har rett på 10 prosent standardfrådrag, og dette frådraget er difor teke høgde for i alle trekktabellane.

Ver merksam på at du må ha skattekort dersom du arbeider i ei petroleumsrelatert verksemd på norsk kontinentalsokkel. Les meir om sokkelarbeidarar.

Trygdeavgift 

Dersom du er tilsett om bord på eit norsk skip, skal du betale trygdeavgift til Noreg om du er

  • norsk statsborgar
  • busett i Norden
  • statsborgar i eit EØS-land eller Sveits
  • tilsett på eit skip som går i avgrensa fart (innanriks i Noreg)

Fritak frå å betale trygdeavgift til Noreg

Sjølv om du er statsborgar i eit EØS-land, kan du i enkelte tilfelle søkje om fritak frå å betale norsk trygdeavgift. Kontakt i så fall trygdestyresmaktene i bustadslandet ditt og be dei om å sende skjemaet A1 til NAV. Skatteetaten blir informert når fritaket er innvilga.

Du får ei ferdig utfylt skattemelding frå Skatteetaten i mars/april. Skattemeldinga er ei oversikt over inntekter og frådrag i eitt inntektsår. Oversikta er basert på opplysningane som var registrerte på deg per 31. desember i det aktuelle inntektsåret.

Viss du vil vere sikker på at du ikkje betaler for mykje skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga di stemmer. Du er sjølv ansvarleg for at skattemeldinga er rett. Du må kontrollere opplysningane og korrigere eventuelle feil og manglar.

Dette bør du sjekke:

1. Sjekk at lønnsinntekta stemmer

Arbeidsgivaren din skal kvar månad sende deg dokumentasjon på lønna du har fått utbetalt, og kor mykje skatt som har blitt trekt. Arbeidsgivaren din skal også kvar januar sende deg ei samleoppgåve over lønnsutbetalingar og skattetrekk for året før. Når du får skattemeldinga di, må du sjekke opplysningane i meldinga opp mot denne dokumentasjonen. Sjekk også at lønna din er registrert som sjøinntekt.

2. Sjekk om standardfrådraget har kome med

Du har rett til 10 prosent standardfrådrag. Sjekk at dette er med på skattemeldinga di.

3. Sjekk at sjømannsfrådraget har kome med

Dersom du har rett til sjømannsfrådrag, må du sjekke at dette har kome med på skattemeldinga di.

4. Skatteplikt

Dersom du meiner at du ikkje er skattepliktig til Noreg, fjernar du frå skattemeldinga den inntekta du meiner ikkje er skattepliktig. 

5. Sjekk at adressa på skattemeldinga di stemmer

Meld frå til Skatteetaten viss du er oppført med feil adresse. Meir informasjon om adresseendring.

6. Registrer bankkontoen din

Skriv inn kontonummeret ditt for utbetaling av eventuelle pengar du har til gode.

Du må endre skattemeldinga sjølv

Viss du oppdagar feil eller har fått nye eller forseinka opplysningar, må du endre skattemeldinga di. Dette gjer du ved å sende inn skattemeldinga di med endringar til Skatteetaten. Dette gjeld frå og med skattemeldinga for 2016. Dersom du oppdagar feil på skatteoppgjeret for 2015 eller tidlegare, må du sende inn klage.

  • Du kan endre eller klage på skattemeldinga di elektronisk i Altinn
  • eller per post til:
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO

Frist

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april.

Du kan søkje om éin månads utsetjing. Du må søkje innan 30. april.

Dersom alle opplysningane stemmer og du ikkje har endringar, treng du ikkje å gjere noko.

Viss du ikkje har fått skattemelding, kan du kontakte Skatteetaten for å få denne tilsend. Dette gjeld også dersom du har mista skattemeldinga di.

Du kan krevje sjømannsfrådrag dersom du har jobba om bord på skip i fart i minimum 130 dagar i same inntektsår. Frådraget er på 30 prosent av lønna di og eventuelle skattepliktige godtgjersler, men maksimalt kr 80 000.

Med skip i fart meiner vi

  • skip som er i utanriksfart, og som har sitt eige framdriftsmaskineri, uavhengig av storleiken på skipet
  • fartøy i petroleumsverksemd som driv forsynings-, beredskaps-, og ankerhandteringstenester, seismiske eller geologiske undersøkingar og anna samanliknbar verksemd eller konstruksjons-, røyrleggings-, eller vedlikehaldsaktivitet
  • marinefartøy med kommando heist
  • skip som er på 100 brutto registertonn eller meir, som har eige framdriftsmaskineri, og som ikkje er unnatekne nedanfor

Med skip som ikkje er i fart, meiner vi

  • ferjer eller passasjerfartøy som berre går i rute mellom norske hamner, og der rutedistansen mellom første og siste anløpsstad er under 300 nautiske mil
  • fartøy i petroleumsverksemd som driv med undersøkingar, leiteboring, utvinning, utnytting og røyrleidningstransport
  • skip som vesentleg går i fart på norske innsjøar og elvar
  • skip som er i stasjonær verksemd og hamnetrafikk, eller anna verksemd over avgrensa fartsområde der distansen som er segla ut, ikkje er over 30 nautiske mil
  • losjiskip eller skip som blir brukte som arbeidsplattform, misjonsskip, teaterskip og liknande
  • lystfartøy, representasjonsfartøy, skyssfartøy og liknande
  • fiske- og fangstfartøy, men berre for den tida fartøyet blir brukt til fiske og fangst

Viss du har arbeidd mindre enn 130 dagar, kan du likevel ha krav på frådraget dersom

  • arbeidsforholdet ditt er omfatta av ein tariffavtale som føreset minst 130 arbeidsdagar i gjennomsnitt om bord i løpet av året
  • du byrja seint eller slutta tidleg på året og arbeidsforholdet omfattar ein tariffavtale som nemnd ovanfor
  • du har vore sjuk og har fått sjukepengar delar av året. Dette føreset at sjukepengane erstattar hyre som ville kvalifisert til særskilt frådrag for sjøfolk. Tilsvarande gjeld ved omsorgspermisjon der folketrygda betaler ut foreldrepengar.

Kortvarig arbeid om bord (under 130 dagar) som vikar og liknande gir ikkje rett til særskilt frådrag for sjøfolk. Dette gjeld sjølv om du er omfatta av ein tariffavtale.

 

Les meir om skatteoppgjeret.