Utanlandske professorar, lærarar og forskarar busette i utlandet

Utanlandske professorar, lærarar og forskarar som er busette i utlandet og mellombels tilsette i Noreg, blir ofte kalla for gjesteførelesarar eller ekspertar. Er du gjesteførelesar eller ekspert i teneste, skal du betale skatt til Noreg. Det betyr at du må søkje om skattekort og betale skatt etter éi av to skatteordningar.

Skatt i Noreg

Du som er tilsett ved ein norsk offentleg utdanningsinstitusjon, skal

  • betale skatt til Noreg for inntekta du tener i Noreg
  • betale skatt til Noreg for inntekta du tener i utlandet, med mindre Noreg har ein skatteavtale med det aktuelle landet som avgrensar skatteplikta til Noreg

Viss du er usikker på om du er tilsett ved ein offentleg utdanningsinstitusjon, må du spørje arbeidsgivaren din.

Slik søkjer du om skattekort

Lengda på opphaldet i Noreg avgjer korleis du søkjer om skattekort.

Du treng ikkje å møte hos Skatteetaten for ID-kontroll viss du skal opphalde deg i Noreg i mindre enn 14 dagar. 

Slik søkjer du om skattekort:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo


I begge tilfelle må du leggje ved:

  • Gyldig ID-dokument: Pass eller nasjonalt ID-kort som viser bilete, statsborgarskap og kjønn. Viss ID-kortet ditt ikkje viser kjønn, må du i tillegg leggje ved ein fødselsattest eller annan dokumentasjon som viser kjønn.
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod. Arbeidskontrakten må vere på norsk, engelsk eller eit nordisk språk.

Viss du meiner du skal ha fritak for trygdeavgift, må du sende dokumentasjon på dette til NAV. Du må leggje ved ei stadfesting på trygdefritak i søknaden din om skattekort for at det skal bli tatt omsyn til dette i skattekortet.

Vi anbefaler at du oppgir bustadadressa di i staden for adressa til arbeidsstaden din når du søkjer om skattekort. Då får du skatteoppgjeret sendt heim til deg, og ikkje til arbeidsstaden din.

Viss du ikkje har eit norsk identitetsnummer (fødselsnummer eller d-nummer) frå før, eller viss d-nummeret ditt er inaktivt, må du bestille time hos Skatteetaten for ID-kontroll og søkje om skattekort. D-nummeret ditt blir inaktivt etter fem år.

Slik søkjer du om skattekort:

I begge tilfelle må du bestille time hos Skatteetaten for ID-kontroll og ha med deg:

  • Gyldig ID-dokument: Pass eller nasjonalt ID-kort som viser bilete, statsborgarskap og kjønn. Viss ID-kortet ditt ikkje viser kjønn, må du i tillegg ha med deg ein fødselsattest eller annan dokumentasjon som viser kjønn.
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod. Arbeidskontrakten må vere på norsk, engelsk eller eit nordisk språk.

Viss du meiner du skal ha fritak for trygdeavgift, må du sende dokumentasjon på dette til NAV. Du må leggje ved ei stadfesting på trygdefritak i søknaden din om skattekort for at det skal bli tatt omsyn til dette i skattekortet.

Vi anbefaler at du oppgir bustadadressa di i staden for adressa til arbeidsstaden din når du søkjer om skattekort. Då får du skatteoppgjeret sendt heim til deg, og ikkje til arbeidsstaden din.

Du må gi opplysningar i eige vedlegg om kvar arbeidet blir utført (utland eller fastland i Noreg, eller ein kombinasjon) og periodar – oppgi land og datoar. Viss arbeidet blir utført i Noreg, må vi få opplyst talet arbeidsdagar i Noreg.

Slik betaler du skatt i Noreg

Det finst to skatteordningar for deg som er utanlandsk arbeidstakar: 

  1. Kjeldeskatt på lønn er ei forenkla skatteordning for utanlandske arbeidstakarar. Du betaler ein fast prosent skatt, som arbeidsgivaren din trekkjer frå lønna di. Viss du berre skal jobbe i Noreg, blir du som regel automatisk med i kjeldeskatt på lønn-ordninga. Du får ei skattekvittering som viser kor mykje lønn og skatt arbeidsgivaren din har rapportert til Skatteetaten. 

  2. Skatt etter ordinære reglar betyr at skatteprosenten varierer etter kor mykje du tener i løpet av året. Tener du lite, betaler du lite skatt. Tener du mykje, betaler du meir skatt. Du får ei skattemelding året etter inntektsåret. Skattemeldinga viser mellom anna ei oversikt over inntektene dine.

    Det er viktig at opplysningane i skattemeldinga er riktige.

     

    Når du har fylt ut alle opplysningane, må du godkjenne og sende inn skattemeldinga di.

    Du kan sjekke skattemeldinga di.

    Du får skatteoppgjeret ditt når vi har behandla skattemeldinga di. I skatteoppgjeret får du beskjed om du har betalt for mykje eller for lite skatt.

Vi tilrår at du får ein elektronisk ID. Då får du tilgang til skattemeldinga og skatteoppgjeret ditt på nett.