Pressemelding

No er skattemeldinga her

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

I dag blir 4,9 millionar skattemeldingar tilgjengelege for privatpersonar og næringsdrivande. Hugs at det er ditt ansvar at opplysningane er fullstendige og korrekte.

Skattemeldinga er førehandsutfylt, men ikkje ferdigutfylt. Skatteetaten tek imot opplysningar direkte frå andre på mange område, men det er framleis noko informasjon du sjølv er ansvarleg for å oppgi for at skatten skal bli rett.

- På fleire område må du sjølv fylle inn opplysningar, og to av dei vanlegaste er inntekter frå eigedom og utanlandshøve. Vi tek imot stadig meir informasjon om finansielle verdiar i utlandet, men dette er ikkje alltid førehandsutfylt i skattemeldinga. Vi har heller ikkje nok informasjon om utleigeinntekter til at vi kan fylle det inn for deg, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Det er òg fleire frådrag du kan gå glipp av dersom du ikkje fyller inn dei rette opplysningane, for eksempel frådrag for pendlarutgifter.

- Dersom alle opplysningane i skattemeldinga er rette og alt er teke med, så treng du ikkje levere ho. Hugs at det framleis er ditt ansvar at skattemeldinga er fullstendig og korrekt, seier Holte.

Enklare skattemelding og fleire digitale brukarar

Det blir stadig enklare å sjekke og levere skattemeldinga. Nesten alle sjekkar, endrar og leverer skattemeldinga elektronisk. I år sender vi ut 875 000 skattemeldingar på papir, samanlikna med 925 000 i fjor.

- Vi ser at fleire føretrekk å bruke dei digitale løysingane våre og få alle viktige beskjedar frå Skatteetaten elektronisk. Det er raskt, enkelt og trygt med innlogga dialog, seier Holte.


Vi hjelper deg

På Skatteetaten sine nettsider finn du alt frå pendlarvegvisar til frådragskalkulator. Desse verktøya hjelper deg med å finne rett post og rekne ut rett skattegrunnlag. Har du spørsmål, kan du kontakte Skatteetaten på chat, Facebook / Skatten min eller ringje 800 80 000.

Fristar for levering

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april for privatpersonar og 31. mai for næringsdrivande. Lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har endringar, treng ikkje å levere skattemeldinga. Dei som får skattemelding for næringsdrivande, har ikkje leveringsfritak og må levere skattemeldinga elektronisk i Altinn.

Fakta

  • Skattemeldinga inneheld ei førebels utrekning av skatten for dei aller fleste. 8 av 10 ligg an til å få skatt til gode når skatteoppgjeret kjem, mens 2 av 10 sannsynlegvis må betale restskatt.  Gjennomsnittet til utbetaling er 12 000 kroner. Restskatten ligg på 25 000 kroner i snitt.
  • Beløpa for restskatt og skatt til gode er berre førebelse. Det er først når du får eit skatteoppgjer, at du får ein endeleg utrekna skatt. I skatteoppgjeret er det teke omsyn til eventuelle endringar og nye opplysningar. Skatteoppgjeret kjem mellom juni og oktober.
  • Enkelte får ikkje førebels skatteutrekning i skattemeldinga. Dette gjeld til dømes næringsdrivande med ektefellar og andre med meir komplekse skatteforhold.
  • I skattemeldinga for i år er det oppretta nye postar, til dømes for opplysningar om utanlandsk pensjon, individuell pensjonssparing, aksjesparekonto og frådrag for investering i gründerbedrifter. Det er ikkje lenger noko generelt fritekstfelt (tidlegare post 5.0 Tilleggsopplysningar), men du kan framleis sende inn kommentarar som vedlegg til skattemeldinga.
  • Dei siste åra har 7 av 10 teke i bruk leveringsfritak. Det vil seie at dei ikkje har gjort endringar, men har late den førehandsutfylte skattemeldinga bli levert automatisk ved leveringsfristen. 3,1 millionar tok i bruk leveringsfritak i fjor. Meir enn 9 av 10 av dei som leverte skattemeldinga, leverte ho elektronisk. Litt over 100 000 leverte på papir. Dei som leverer elektronisk eller tek i bruk leveringsfritak, kan få skatteoppgjeret tidlegare enn dei som leverer på papir.
  • Skattemeldinga for 2017 er send ut på fleire språk og målformer.
    • Bokmål: om lag 4,2 millionar
    • Nynorsk: om lag 475 000
    • Samisk: om lag 200
    • Engelsk: om lag 225 000