Pressemelding

No kjem skattetrekksmeldinga (skattekort) for 2021

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

– Har kanskje aldri vore viktigare å sjekke.

No kan du sjekke og eventuelt endre kva du skal betale i skatt for 2021. I år kan det vere spesielt viktig å sjekke at opplysningane stemmer.

Kvart år i desember sender Skatteetaten deg ei skattetrekksmelding. Den viser vår berekning av inntektene og frådraga dine, og kva skattetrekket ditt blir det kommande inntektsåret. Som følgje av pandemien vil det for mange vere ekstra viktig å sjekke at opplysningane er korrekte.

– Rett skattetrekk er basert på eit anslag over kva du kjem til å tene kommande år. Privatøkonomien for mange av oss kan ha endra seg i løpet av året, så det er derfor ekstra viktig å sjå gjennom dei berekningane Skatteetaten har gjort dette året, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

Livsendringar påverkar skatten

Skatteetaten veit mykje om dine økonomiske forhold, men ikkje alt. Alt som påverkar privatøkonomien din, vil også kunne påverke skattetrekket ditt. Fleire har dessverre opplevd permittering og inntektstap som følgje av koronapandemien. Mange har ikkje lenger frådrag for reiseutgifter på grunn av heimekontor. Andre har tatt opp bustadlån og dei fleste har fått lågare rente på bustadlånet sitt. Nokon har kanskje blitt eineforsørgjar, pensjonist, eller sambuar med kjærasten sin.

– Alt dette er hendingar som kan ha innverknad på skattetrekket ditt, og det er derfor lurt å sjekke opplysningane i skattetrekksmeldinga og eventuelt endre skattekortet. Det har kanskje aldri vore viktigare å sjekke at opplysningane stemmer slik at du i løpet av neste år ikkje betalar for mykje eller for lite skatt, seier Gjengedal.

Enkelt å endre

Må du endre skattekortet? Det einaste du treng å gjere er å logge deg inn på skatteetaten.no og korrigere tala. Endrar du opplysningar, vil du med ein gong sjå korleis dette påverkar skattetrekket ditt. 

– Du treng ikkje gjere noko etter at du har sendt inn endringane. Vi fiksar eit nytt skattekort til deg, og arbeidsgivaren, NAV og andre hentar dette direkte frå Skatteetaten. Du kan når som helst i løpet av 2021 endre og få eit nytt skattekort, seier Gjengedal.

Her kan du lese meir om skattekort og gjere eventuelle endringar.

Frikort

Dersom du ikkje tener meir enn 60 000 kroner i 2021, skal det ikkje trekkast skatt og du kan bestille frikort. Hadde du frikort i fjor, treng du ikkje bestille nytt no. For å unngå restskatt anbefaler vi deg å bestille skattekort viss det er sannsynleg at du kjem til å tene meir enn 60 000 kroner i 2021.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Skatteetaten på chat, telefon eller på Facebook.

Slik henger det sammen - skattekort - skattemelding og skatteoppgjør
Slik henger det sammen - skattekort - skattemelding og skatteoppgjør