Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

SKD-melding

Forskrift om krav til kassasystem

  • Oppdatert: 10.01.2018
  • Avgitt 18.12.2015

Skattedirektoratet fastsette den 18. desember 2015 forskrift 18.12.2015 nr. 7/15 om krav til kassasystem. Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2017.

 

Forskrifta er endra 6. juli 2016, 4. juli 2018 og 21. september 2018, se forskriftene 06.07.2016 nr. 901, 4. juli 2018 nr. 1128 og 21. september 2018 nr. 1349.

Frå 1. januar 2017 må kassasystem som skal tilbydast på den norske marknaden tilfredsstille krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta. Bokføringspliktige verksemder må ha nye kassasystem på plass frå 1. januar 2019. 

Formålet med det nye regelverket er å redusere omfanget av svart økonomi i bransjar med kontantsal. Det er i dag få krav til  funksjonar og oppbygging av kassasystem, og Skatteetaten har ved kontrollar avdekka at kassasystem er sett opp på ein måte som gjer det mogeleg å skjule kontantsal. Reglane vil gjere det vanskelegare å manipulere kassasystem for å unndra skatt og avgift.

Reglane inneber at leverandørar etter 1. januar 2017 berre skal kunne tilby kassasystem som oppfyller bestemte krav. Blant anna gjeld dette krav til påbodne og forbodne funksjonar, og til sikring av elektronisk journal. Før systemet kan tilbydast for sal, utleige eller utlån må leverandørane levere ei produktfråsegn til skattekontoret om at kassasystemet oppfyller krava i regelverket. Dersom leverandøren av kassasystemet ikkje har levert produktfråsegn, eller kassasystemet ikkje oppfyller krava i kassasystemlova eller i forskrift til lova, kan skattekontoret påleggja leverandøren brotsgebyr.

Bokføringspliktige verksemder må oppgradere eller kjøpe nye kassasystem med produktfråsegn, og bruke desse til å registrere og dokumentere kontantsal mv. For å leggje til rette for ei naturleg utskifting av eksisterande system, må dei bokføringspliktige først ha nye system på plass frå 1. januar 2019. Det vil samstundes bli fastsett enkelte nye føresegner om bruk av kassasystem i bokføringsforskrifta. Bokføringspliktige kan bli pålagt brotsgebyr dersom dei ikkje brukar kassasystem med produktfråsegn.

Forskrifta

Forskrift om krav til kassasystem (kassasystemforskrifta) - Lovdata

Merknader til forskrifta