Skjema A06
Avstemmingsinformasjon (A06)
Avstemmingsrapporten oppsummerer opplysningane du har sendt inn i ei eller fleire a-meldingar. Bestill ein rapport for å kontrollere kva for opplysningar du har sendt inn.
Om denne tenesta
Bruk skjemaet for å bestille ein avstemmingsrapport med ei oversikt over kva for opplysningar du har sendt inn, i ei eller fleire a-meldingar.
Oppgi år og månader rapporten skal gjelde for.
Etter at du har bestilt, blir «A07 a-melding avstemming» send til «Innboks».
Alle som har sendt a-melding kan bestille avstemmingsrapport.
For å bestille treng du ei av desse rollene i Altinn:
- Utfyllar/innsendar
- Rekneskapsførar med signeringsrett
- Rekneskapsførar utan signeringsrett
- Rekneskapsførar lønn
- Ansvarleg revisor
- Revisormedarbeidar
- Kontaktperson NUF
Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla
Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla til å delegere dei til deg.
Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.
Avstemmingsrapporten inneheld opplysningar om:
- arbeidsgivaravgift
- forskotstrekk
- inntektsopplysningar per verksemd du har sendt a-melding for
- innmeldt pensjonsinnretning (berre versjon 2.2 eller nyare)
Du kan òg bestille opplysningar per inntektsmottakar om:
- arbeidsforhold
- inntekter
- frådrag
- forskotstrekk
Bestiller du rapport for éin månad, får du i tillegg oversikt over opplysningar om arbeidsforhold.
Merk at opplysningar om utleggstrekk ikkje er med i rapporten.