Avdragsordning for utsette krav

Perioden for betalingsutsetjing etter den mellombelse ordninga som følgje av korona, er no over. Dei utsette krava skal betalast i månadlege avdrag innan utgangen av 2022.

Beløpet du skuldar er delt opp i like store månadlege avdrag fram til 30. desember, uavhengig av storleiken på beløpet du skuldar. Det er ikkje mogleg å endre betalingsfristane og storleiken på avdraga.

Dersom du skuldar både meirverdiavgift og skatt/arbeidsgivaravgift, har du fått to avdragsordningar som du skal nedbetale kvar for seg.