Skjema RF-1030

Sjå, endre eller levere skattemeldinga (sjølvmeldinga)

Fristen for å levere skattemeldinga var 30. april.
Dersom du oppdagar feil eller har teke imot nye eller forseinka oppgåver, kan du framleis endre og levere.

Når du har opna skattemeldinga må du

Det er viktig at du kontrollerer skattemeldinga.

  1. Kontroller at det du har fått i lønn og kor mykje du har betalt i skatt er rett. Det kontrollerer du ved å samanlikne summane i det årlege samandraget av inntekter, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din, med tala i skattemeldinga. Du kan kontrollere kva arbeidsgivaren(-ane) din(e) har rapportert inn.
  2. Kontroller at det du får i pensjoneller uføretrygd er rett. Oversikta får du frå NAV eller andre du eventuelt tek imot pensjon eller trygd frå. Du kan kontrollere kva som er rapportert inn.
  3. Kontroller at gjeldog formue som er oppgitt stemmer. Tala hentar vi frå dei som du har gjeld eller formue hjå. På formuen din kan du få verdsettingsrabatt. Dersom du får det, er det fylt ut på førehand i skattemeldinga di.

Du kan òg sjå om det manglar noko:

  • kontroller om du har krav på fleire frådrag i frådragsrettleiinga. Dersom du har krav på frådrag, kan det gjere grunnlaget vi reknar ut skatt på mindre. Dermed kan du betale mindre i skatt. Nokre frådrag er utfylte på førehand, andre må du føre opp sjølv.
  • kva for tema som er aktuelle for deg

Dersom du ønskjer å ha skattemeldinga på papir, kan du skrive ho ut.

Dersom det finst opplysningar som er feil eller ikkje er med i skattemeldinga du har fått, må du føre dei opp slik at det blir rett. Til dømes kan det vere at du har kjøpt eigedom eller bil, selt aksjar eller gifta deg.

Du kan gjere endringar i skattemeldinga etter du har levert. Hugs å levere skattemeldinga på nytt etter du har gjort endringane.

For å få hjelp til å vite kva og korleis du endrar, kan du sjå vår oversikt over tema og fradrag i skattemeldinga.

Dersom du treng meir hjelp, kan du kontakte oss.

Ingen endringar

Viss du ikkje har endringar på skattemeldinga, treng du ikkje å levere. Inga endring = inga levering. Skattemeldingar som ikkje er leverte innan 30. april, blir rekna som leverte med dei førehandsutfylte opplysningane som var gitt då fristen gjekk ut.

Har gjort endringar

Fristen for å endre og levere skattemeldinga er 30. april. Du kan endre og levere så mange gonger du vil. Du treng ikkje sende oss dokumentasjon før vi spør etter det.   

Næringsdrivande

Viss du har enkeltpersonføretak, du levere skattemeldinga uansett, og du må levere ho elektronisk.

Pengar tilbake eller må du betale

I skattemeldinga ser du ei førebels utrekning av skatten din, men han kan bli endra. Du kan ha

Dersom det ikkje står ei førebels utrekning der, kan det kome av fleire ting

Når du har levert skattemeldinga, går vi gjennom alle opplysningane. Om du må betale meir i skatt eller får pengar att, får du vite i skatteoppgjeret. Vi varslar deg på e-post/sms når skatteoppgjeret ditt er klart, så kontroller at kontaktopplysningane dine er oppdaterte. 

Dersom du er lønnsmottakar eller pensjonist og leverer skattemeldinga på papir, får du skatteoppgjeret ditt tidlegast i august.

Endre kontonummer

Du får pengane att raskare dersom vi har rett kontonummer. Du bør kontrollere og eventuelt endre kontonummeret ditt.

Søkje om utsetjing

Frist for å søkje om utsetjing var 30. april klokken 24.00. 

Oppdaga feil i tidlegare skattemelding?

Skattemeldinga for 2016, 2017 og 2018 kan du framleis endre og levere på nytt om du oppdagar feil eller har teke imot nye eller forseinka oppgåver.

Dersom du er lønnsmottakar eller pensjonist og leverer skattemeldinga på papir, sender du ho til:

Skatteetaten
Postboks 430, Alnabru
0614 Oslo

Dersom du ikkje har nokon endringar, treng du ikkje sende skattemeldinga.

Korleis endre i papirversjonen

  • Beløp som er førehandsutfylte og som du meiner er feil, rettar du ved å setje ein strek over talet og føre rett beløp i kolonnen «retta til».
  • Frådrag, inntekt, formue og gjeld som ikkje er førehandsutfylt, må du føre opp sjølv under posten «Beløp som ikkje er fylt ut på førehand». Du må då oppgi kva post beløpet høyrer til. Dersom du ikkje veit kva nummeret på posten er, kan du få hjelp i Finn post.
  • Frådrags­- og gjeldsbeløp fører du opp med minusteikn, mens inntekts­ og formuepostar fører du utan forteikn.

Skrive ut skattemeldinga på papir?

Slik skriv du ut skattemeldinga di