Skjema RF-1030

Skattemelding for personleg næringsdrivande (ENK)

Fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande er 31. mai kvart år. 

Utsett frist

Leveringsfristen for skattemelding for 2019 for næringsdrivande og selskap blir utsett frå 31. mai til 31. august. Det er ikkje mogleg å søke om ytterleg utsetjing. Vi oppmodar likevel til å rapportere pliktige opplysningar så tidleg som mogleg.

Ektefellar til dei som har utsett frist har same frist. Det same gjeld deltakarar i selskap med deltakarfastsetjing.

 

Dersom du oppdagar feil eller har teke imot nye eller forseinka oppgåver, kan du framleis endre og levere for tidlegare leverte skattemeldingar. Det gjer du i Endringsmelding for formues- og inntektsskatt for personlege skattepliktige.

Alle som har fått skattemelding for næringsdrivande og alle som har drive næringsverksemd skal levere skattemelding for personleg næringsdrivande o.a.

Skattemeldinga lå delvis førehandsutfylt i innboksen din 31. mars.

Næringsoppgåve

Næringsdrivande skal i tillegg til skattemeldinga si levere ei næringsoppgåve. Første gongen du opnar skattemeldinga blir du bedt om å velje næringsoppgåve.

Dersom du er usikker på kva for ei du skal velje, kan du lese meir om:

Usikker?

Frådrag

Hjelp til å fylle ut

Leverer du elektronisk og driv næringsverksemd, skal du levere skattemelding for næringsdrivande. Somme får skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar. Finn ut kva du må gjere då

Næringsdrivande som ikkje hadde nokon aktivitet i fjor må likevel levere skattemelding. Det er ikkje leveringsfritak for næringsdrivande.

Dersom ein autorisert rekneskapsførar eller revisor har fylt ut skattemeldinga som no ligg i ”Til mi handsaming” i altinn.no må du framleis kontrollere og signere. 

Du loggar deg inn, opnar skattemeldinga og kontrollerer at opplysningane i skattemeldinga og vedlegga er korrekte og fullstendige. Er dei det, "signerer" du og sender inn oppgåvene elektronisk i altinn.

Dersom du oppdagar feil i skattemeldinga di kan du sjølv endre grunnlaget. Du kan endre også etter at du har fått skatteoppgjeret. Du kan endre fleire gonger, men meldinga om endring må ha kome fram til oss seinast 3 år etter fristen for å levere skattemeldinga.

Skattegrunnlaget som er fastsett av skattestyresmaktene kan berre endrast ved å sende ei skriftleg klage.

Se film: Skattemelding med næringsoppgave for enkeltpersonforetak

Filmen viser trinn for trinn hvordan du fyller ut, endrer og sender inn.

Se film: Næringsrapport skatt

Filmen viser trinn for trinn hvordan du fyller ut, endrer og sender inn.