Skattekort for 2024 er klart

Du må logga inn og sjekke at opplysningane stemmer. Arbeidsgivaren og andre utbetalarar hentar skattekortet. 

Har du et inaktivt d-nummer og trenger skattekort

Skjema RF-1209

Søknad om skattekort for utanlandsk arbeidstakar

Dersom du er utanlandsk statsborgar og skal jobbe i Noreg, må du ha skattekort. Her kan du søkje om skattekort.

Viss du har elektronisk ID, loggar du inn for å levere RF-1209:

Søk om skattekort for utanlandsk arbeidstakar

Det finst to typar skattekort:

  1. Skattekort for kjeldeskatt på lønn
  2. Ordinært skattekort

Dei fleste utanlandske arbeidstakarar får eit skattekort for kjeldeskatt på lønn. Det er frivillig å vere med i ordninga for kjeldeskatt på lønn. Du kan velje deg ut av ordninga og heller betale ordinær skatt dersom det lønner seg for deg. Dersom du ønskjer å betale ordinær skatt, må du velje dette i punkt 4 i skattekortsøknaden. Vel du ordinær skatt, kan du ikkje bli med i ordninga for kjeldeskatt på lønn igjen dette året. Du kan ta valet seinare, ved å endre skattekortet ditt seinare i inntektsåret.

Viss du ikkje har elektronisk ID, må du anten

  1. laste ned og fylle ut skjema RF-1209 


    Har norsk fødselsnummer eller d-nummer

    Viss du har fødselsnummer eller d-nummer, kan du sende søknaden i posten til:
    Skatteetaten
    Postboks 9200 – Grønland
    0134 OSLO

    Har ikkje norsk fødselsnummer eller d-nummer

    Viss du ikkje har fødselsnummer eller d-nummer, må du bestille tid for ID-kontroll. Desse skattekontora utfører ID-kontroll. Last ned, fyll ut og ta med skjema RF-1209.

  2. eller få arbeidsgivar til å søkje for deg. Arbeidsgivar kan søkje for deg uavhengig av om du har elektronisk ID eller ikkje.Skattekortet er klartSkattekortet vil normalt sett vere klart innan 5 vyrkedagar. Etter at du har søkt om skattekort, sender vi deg ei melding med informasjon om skattekortet ditt.  Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten elektronisk.

Skattekortet er klart

Skattekortet er normalt klart innan fem vyrkedagar. Etter at du har søkt om skattekort, vil du få ei melding med informasjon om kva skattekort du har. Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten elektronisk.