Skjema RF-1530
Søk om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for personleg skattepliktig
Du kan søkje om ei betalingsutsetjing eller ein betalingsavtale. Ein betalingsavtale er ein avtale om betalingsutsetjing, avdrag eller ein kombinasjon av begge delar.
Skatt og avgifter skal betalast ved forfall, og ei betalingsutsetjing eller ein betalingsavtale er eit unntak.
Du kan søkje om ein betalingsavtale viss du ikkje kan betale skatten ved forfall på grunn av til dømes alvorleg sjukdom, dødsfall i familien, langvarig arbeidsløyse eller samlivsbrot. Du må dokumentere årsaka (til dømes sjukdom), og at dette er grunnen til betalingsproblema dine.
Innkrevjinga stansar ikkje under behandlinga av søknaden, og forseinkingsrenter blir rekna frå forfall og fram til kravet er betalt.
Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for
- skatt og/eller arbeidsgivarvgift
- særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift
Desse vilkåra må vere oppfylte for å få ein betalingsavtale
Alle punktene må være oppfylt for å få kunne en betalingsavtale:
- Det er ikkje mogleg for deg å betale innan fristen.
- Du må sende inn eit forslag til ein nedbetalingsplan.
- Du kan ikkje ha pengar til gode etter livsopphald/dokumenterte utgifter.
- Betalingsplanen din må gi eit raskare resultat enn dersom vi må trekkje deg i lønn, pensjon eller ytingar, eller dersom vi må gjennomføre ei utleggsforretning.
- Du kan søkje om ein betalingsavtale viss du ikkje kan betale skatten ved forfall på grunn av til dømes alvorleg sjukdom, dødsfall i familien, langvarig arbeidsløyse eller samlivsbrot. Dette må du kunne dokumentere.
- Det at du får en betalingsavtale, må ikkje verke støtande eller vere egna til å svekke den alminnelege betalingsmoralen.
Kven kan søkje
Privatpersonar kan bruke dette skjemaet til å søkje om ei betalingsutsetjing eller ein betalingsavtale. Du får svar på søknaden din i Altinn. Dersom du ikkje er elektronisk brukar, får du svaret som brevpost.
Viss du ønskjer at vi skal kontakte nokon andre i samband med søknaden, må du oppgi kontaktperson og leggje ved ei fullmakt. Viss kontaktpersonen din er advokat, treng du ikkje leggje ved ei fullmakt. Ei fullmakt betyr at ein person har myndigheit til å opptre og handle på vegner av deg. Fullmakta kan vere avgrensa til eit spesielt område eller vere av ein meir generell karakter.
Viss du ikkje er elektronisk brukar eller du ikkje kan sende inn alle vedlegga elektronisk, må du sende inn søknadsskjema på papir. Då tar det lengre tid før du får svar på søknaden din.
Du kan laste ned søknadsskjemaet som ein PDF og fylle det ut. Send søknaden til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo