Skjema RF-1531

Søk om betalingsutsetjing eller betalingsavtale

Skattepliktig bedrift eller verksemd kan søkje om ei betalingsutsetjing eller ein betalingsavtale. Ein betalingsavtale er ein avtale om betalingsutsetjing, avdrag eller ein kombinasjon av begge delar.

Dette kan du søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for:

  • Skatt/arbeidsgivaravgift
  • Meirverdiavgift
  • Særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift

Når kan du få ein betalingsavtale?

Skatt og avgifter skal betalast ved forfall, og ei betalingsutsetjing eller ein betalingsavtale er eit unntak. For å få innvilga ein avtale må alle vilkåra vere oppfylte:

  • Det er ikkje mogleg for deg å betale ved forfall.
  • Du må komme med eit betalingstilbod som er det beste du kan gi.
  • Tilbodet må gi raskare nedbetaling enn ved tvangsinnkrevjing.

I tillegg vurderer vi om ein eventuell avtale er støytande eller svekkjer den alminnelege betalingsmoralen.
Det blir normalt ikkje gitt utsetjing eller betalingsavtale for arbeidsgivar sitt ansvar for forskotstrekk og utleggstrekk. Innkrevjinga stansar ikkje under behandlinga av søknaden og forseinkingsrenter blir rekna frå forfall og fram til kravet er betalt.

Desse kan søkje

  • Selskap
  • Enkeltpersonføretak
  • Andre verksemder

Vi sender svar på søknaden til verksemda sin meldingsboks i Altinn.