Sjå skatteoppgjeret ditt

Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember.

Etter at du har levert skattemeldinga di, må vi behandle ho og lage eit skatteoppgjer. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får igjen (til gode) eller kor mykje du må betale (restskatt).

Når kjem skatteoppgjeret?

Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.

Vi sender ikkje ut skatteoppgjer på heilagdagar, i påskeveka, i juli eller første halvdel av august.

Har du pengar til gode, blir dei utbetalte når du får skatteoppgjeret ditt.

Det kan vere fleire grunnar til at skatteoppgjeret ditt kjem seinare:

  • Du har gjort mange endringar eller lagt til vedlegg.
  • Du er næringsdrivande eller har søkt om utsetjing.
  • Du er tatt ut til tilfeldig kontroll.
  • Du har ikkje oppgitt alle nødvendige opplysningar i skattemeldinga di, til dømes om eigedommar du eig.
  • Du har fått etterbetaling frå Nav eller andre pensjonsutbetalarar.

Ektefellar får skatteoppgjeret samtidig

Viss du er gift, får du og ektefellen din skatteoppgjeret samtidig – etter at begge skattemeldingane er ferdig behandla. Om nokon av punkta over gjeld ektefellen din, kan det hende at begge får skatteoppgjeret seinare.

Viss ektefellen din får restskatt eller ikkje leverte innan fristen, får de skatteoppgjera tidlegast i juni.

Viktig informasjon

Vi kan dessverre ikkje svare på kva dato du får skatteoppgjeret, men du får beskjed.

Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje har fått utbetalt skattepengane:

Når du veit korleis det gjekk

Etter at du har fått skatteoppgjeret ditt, veit du om du får pengar igjen (til gode) eller må betale pengar (restskatt).

 

Sjå også

Skatteoppgjer for tidlegare år finn du blant skattedokumenta dine. Logg deg inn på Mi side.

Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret. 

Viss det er registrert ein kontaktperson i Folkeregisteret, vil skattemeldinga bli sendt ut automatisk. 

Skatteoppgjer blir sendt ut automatisk til dei som har registrert kontaktperson i Folkeregisteret.

Meir om skattemelding og skatteoppgjer for den avdøde.

Viss du har valt å få tilskot til energitiltak frå ENOVA som ein del av skatteoppgjeret, vil dette bli avrekna mot skatteoppgjeret ditt for i fjor.

Dersom du lurer på noko om dette, må du kontakte ENOVA.