Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Skjema

Sjå skatteoppgjeret ditt

Når skatteoppgjeret er klart kan du sjå om du får pengar igjen eller må betale

Logg inn viss du har fått varsel om at skatteoppgjeret ditt er klart:

Sjå skatteoppgjeret ditt

Når kjem skatteoppgjeret mitt?

Etter at skattemeldinga di er levert, må Skatteetaten behandle ho. Når skattemeldinga di er ferdig behandla, lagar vi eit skatteoppgjer. Kor lang tid dette tar, varierer.

I år fekk nokre lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt i april. Neste skatteoppgjer blir 22 juni. Dei aller fleste lønnstakarane og pensjonistar får skatteoppgjeret sitt innan 22. juni. Etter det held vi fram med løpande oppgjer frå 12. august til 21. oktober. 

Vi varslar deg når skatteoppgjeret ditt er klart. Så slepp du å leite og lure. Elektroniske brukarar får varsel om at skatteoppgjeret er tilgjengeleg via e-post eller SMS. På same måte som med skattemeldinga, må du vente på beskjed om at skatteoppgjeret ditt er klart. 

Vi kan dessverre ikkje gi deg ein konkret dato for når du får oppgjeret ditt, verken på telefon, facebook eller chat.

Eg har ikkje fått skatteoppgjeret mitt

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått oppgjeret ditt. Til dømes:

  • Det er berre dei som leverer ny skattemelding som kan få skatteoppgjeret før 22. juni
  • Du leverte ikkje skattemeldinga før 30.april
  • Du leverte skattemeldinga på papir
  • Du er næringsdrivande eller gift med ein næringsdrivande
  • Du søkte om utsetjing
  • Du er tatt ut til tilfeldig kontroll

Noko er feil i skatteoppgjeret mitt

Viss du oppdagar feil i skatteoppgjeret ditt, skal du i dei fleste tilfelle endre skattemeldinga og sende den inn på nytt.

Tilgodebeløp - få igjen pengar 

Viss du har pengar til gode, vil du få desse utbetalt kort tid etter at du har fått skatteoppgjeret. Det kan ta opp til 3 veker, men mange får pengane på konto same dag.

Restskatt - må betale pengar 

Viss du får skatteoppgjeret i perioden  april-juni, har du frist til 20. august. Får du oppgjeret etter juni, er fristen for å betale restskatten 3 veker etter du fekk skatteoppgjeret. 

Viss du betaler restskatten innan 31. mai slepper du renter på restskatten.

Dersom du har valt å få tilskot til energitiltak frå ENOVA som ein del av skatteoppgjeret, blir dette avrekna mot skatteoppgjeret for i fjor. Spørsmål om ordninga rettast til ENOVA.