Sats for:

Bil – satsar for firmabil der fordelen ikkje står i forhold til listeprisen

Dersom du bruker bil som arbeidsgivar eig eller leaser, skal fordelen normalt reknast som lønnsinntekt og du skal betale skatt av fordelen. Fordel ved privat bruk av firmabil blir vanlegvis fastsett etter standardreglar basert på listeprisen på bilen som ny.

I særlege tilfelle der listeprisen klart ikkje står i forhold til fordelen ved den private bruken, kan fordelen bli fastsett ved skjønn på følgjande måte:


Når standardfordelen basert på listepris blir for høg:

Fordelen på forskottsstadiet blir fastsett til 63 000 kroner for inntektsåret 2024.

Dette gjeld dersom firmabilordninga har vart heile året. Har skattytaren hatt firmabilordning delar av inntektsåret, skal fordelsskattlegginga gjennomførast i høve til talet på heile og påbyrja månader bilen har stått til din disposisjon.

Tilsvarande beløp gjeld som skattepliktig fordel ved skattefastsetjinga.

Når standardfordelen basert på listepris blir for låg, til dømes ved svært omfattande restaurering eller ombygging av bilen:

Ved fordelsfastsetjinga kan ein bruke ein hjelpestorleik i form av ein korrigert (oppjustert) listepris som blir multiplisert med den relevante prosentsatsen etter standardreglane. Ved fastsetjinga av fordelen kan ein normalt bruke marknadsverdien som hjelpestorleik.

Reglane om skjønnsfastsetjing av fordelen blir berre brukt der privat fordel avvik betydeleg frå fastsetjing etter standardreglane.