Pressemelding

Digital utsending av stadfesting på vigsel

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Frå 1. mars vil du som nygift få stadfesting på vigsel digitalt frå Folkeregisteret i staden for å få ein vigselsattest på papir i postkassen. 

Kvart år sender Folkeregisteret ut ca. 18 000 signerte og stempla vigselsattestar på papir som brevpost. Framover vil du som har gifta deg, få ei digital stadfesting i innboksen din i Altinn på registrering av inngått ekteskap. Dersom du ikkje er digital brukar, får du stadfestinga i posten. 

Borgarane forventar digital kommunikasjon

- Samfunnet vårt blir meir og meir digitalt. Dei fleste borgarane har derfor ei forventning om at tenester og informasjon frå offentlege styresmakter skal vere så lett tilgjengelege som mogleg. Det er ein av grunnane til at vi no stadfestar inngåing av ekteskap digitalt framfor å sende ein vigselsattest i posten, forklarer Torstein Hoem, direktør i divisjon informasjonsforvalting i Skatteetaten.

Bakgrunnen for den nye tenesta er at Skatteetaten arbeider med å modernisere Folkeregisteret, mellom anna ved å forenkle og digitalisere Folkeregisteret sine innbyggjartenester.

Framleis mogleg å få ein "klassisk" vigselsattest

Dersom du som nygift likevel ønskjer å få utferda ein vigselsattest på papir, vil det framleis vere mogleg å bestille ein vigselsattest frå nettsidene til Skatteetaten. For personar som ikkje er busette i Noreg, men giftar seg etter norsk rett, vil Folkeregisteret framleis sende ut ein vigselsattest som brevpost. Dette er fordi personar busette i utlandet har behov for ein slik attest for å registrere vigselen i folkeregisteret i det aktuelle landet.

- Ved å utferde vigselsattestar berre ved behov vil Skatteetaten spare kostnaden og tida det tek å skrive ut, signere, stemple og sende ut om lag 18 000 vigselsattestar i posten kvart år, seier Hoem.

Digital utsending av stadfesting på vigsel er ein av mange moderniserte tenester frå Folkeregisteret som innbyggjarane vil nyte godt av.

Den nye praksisen med å sende ut stadfesting på vigsel digitalt trer i kraft 1. mars 2020.

FAKTA:

  • Eit nytt, moderne folkeregister vil vere klart i år. Det nye Folkeregisteret vil effektivisere og automatisere mange prosessar og opne opp for nye tenester som gjer kvardagen enklare for folk og bedrifter. Digital utsending av stadfesting på vigsel er eit direkte resultat av denne moderniseringa.
  • Avgjersla om å slutte å utferde vigselsattestar er rettsleg forankra og godkjend av Barne- og familiedepartementet (BFD).
  • Folkeregisteret sine opplysningar om personar i Noreg er ei viktig datakjelde i store delar av samfunnet. Opplysningane i det nye Folkeregisteret ligg til grunn for all samhandling når det gjeld personopplysningar mellom offentlege og private instansar i Noreg.

Laurdag er det skotårsdagen

Den einaste dagen då jentene har "lov" til å fri. Giftar du deg etter 1. mars, får du dessutan vigselsattesten digitalt. Det sparer Skatteetaten for 18 000 papirbrev i året. (Arkivfoto: Markuu Ulander, Lehtikuva / SCANPIX)