Denne siden er ikke tilgjengelig på bokmål.

Pressemelding

Forenklar bryllaupsførebuingane

  • Publisert:

Skatteetaten lanserer ei ny, digital innloggingsteneste for prøving av ekteskapsvilkår. Det inneber at par som ønskjer å gifte seg, heretter kan logge seg inn via skatteetaten.no, invitere forlovar eller vitne til å gjere det same, og på kort tid få behandla søknaden om ekteskapsprøving digitalt. Løysinga er enkel, rask og sikker. 

I ein prøveperiode har Skatteetaten invitert par som planlegg å gifte seg i sommar, til å teste ordninga. Nær åtte av ti saker har så langt gått til heilautomatisk behandling. Då har paret straks fått tildelt prøvingsattest i Altinn. Brukarane har vore positive: "Gjort på få minutt." "Heilt perfekt", "Enkelt, intuitivt og lett å følgje", "Saumlaust og knirkefritt" og "Vi fekk straks tilsendt prøvingsattest" er nokre av tilbakemeldingane.

Rask og sikker løysing

Tidlegare har brudepar og vitne måtta fylle ut papirskjema og sende desse med brevpost til skattekontoret for manuell behandling, før prøvingsattesten blei send tilbake til brudeparet 2–3 veker seinare, også det med brevpost. No er heile denne prosessen digitalisert. Det gjer det mykje enklare å søkje om prøving av ekteskapsvilkåra.

Frå kor som helst

Ragnar Morken og Maria Lines Arntzen, som er blant dei som har testa ut den nye digitale løysinga, er overraska over at tenesta ikkje var digitalisert tidlegare, og dei var glade for å kunne bruke den nye løysinga.

– Det verkar meiningslaust å skulle gjere dette på papir. Med den digitale løysinga kunne vi gjere det nesten når og kor som helst. Undervegs då eg fylte ut skjemaet, ringde eg forlovaren min som sat på bussen, og han kunne fikse sin del med det same, seier Ragnar.

Elektronisk kommunikasjon via Altinn

Den nye, digitale prøvingsattesten er godkjend utan stempel og signatur fordi den er utferda digitalt frå Folkeregisteret. Prøvingsattesten blir send elektronisk til brudeparet via Altinn.

Førebels er det berre søknad om prøving av ekteskap etter norsk rett som Skatteetaten har digitalisert, men etter kvart vil også par som ønskjer å gifte seg etter utanlandsk rett, kunne ta i bruk løysinga.

Ragnar Morken og Maria Lines Arntzen er blant brudepara som har testa Skatteetaten si digitale løysing for prøving av ekteskapsvilkår.
– Vi anbefaler alle andre brudepar å bruke denne løysinga. Det var kjapt og enkelt, seier Maria og Ragnar. (Foto: Skatteetaten)

footer/desktop/standard