Kunngjøring

Endringar i meirverdiavgifta frå 1. januar 2005

  • Publisert:
  • Standardsatsen for meirverdiavgift aukar frå 24 til 25 prosent
  • Satsen for persontransport o.a. aukar frå 6 til 7 prosent
  • Satsen for næringsmiddel går ned frå 12 til 11 prosent.

Det skal bereknast 7 prosent meirverdiavgift på salg av kinobillettar. Det skal bereknast 25 prosent meirverdiavgift ved omsetjing av retten til å disponere flyplass og jernbanenett til transport. Dette gjeld berre eigarar av flyplassar og Jernbaneverket.
Det skal ikkje lengre bereknast meirverdiavgift ved omsetjing av varer frå bruktbutikkar med almennyttig formål.
Sjå http://www.skatteetaten.no/ for meir informasjon eller kontakt fylkesskattekontoret. Oslo, 28. desember 2004

footer/desktop/standard