Næringsdrivande som døyr

Dersom den avdøde dreiv næring er det ein del ting du må ta stilling til, og oppgåver som du eller reknekapsførar må gjere. 

Viss den avdøde hadde enkeltpersonføretak

I slutten av mars sender vi skattemeldinga i posten til kontaktpersonen for dødsbuet. Kontaktpersonen må fylle ut og levere skattemeldinga innan fristen for næringsdrivande, som er 31. mai. 

Send skattemeldinga til

Skatteetaten  
Postboks 9357, Grønland  
0135 Oslo  

Grunnlaget for skatt skal du føre i feltet “Noko som manglar? Legg til her”, det vil seie: 

  • overskott eller underskott 
  • den berekna personinntekta fram til dødstidspunktet, det vil seie frå og med 1. januar i det året personen døydde til og med dagen før dødsfallet 
  • eventuell formue som ikkje er ført opp i andre postar 

Du får også tilgang til skattemeldinga på Min skatt 

Min skatt kan kontaktpersonen for dødsbuet lese og skrive ut skattemeldinga til den avdøde og andre skattedokument.  

Førebels må du likevel levere skattemeldinga til oss på papir. 

Legg ved informasjon om næringsinntekta

Dersom den avdøde ikkje førte ein rekneskap, må du lage ei oversikt over skattepliktige inntekter, kostnader, eventuelle avskrivingar og formue frå enkeltpersonføretaket. Denne oversikta sender du inn saman med skattemeldinga for å spesifisere korleis du har komme fram til grunnlaget for skatten. 

Dersom den avdøde hadde eit rekneskapssystem, sender du inn utskrift av resultatrekneskapen og eventuell balanse. Du treng ikkje å sende inn vedlegg til rekneskapen.

Dersom du ikkje har fått skattemeldinga for den avdøde innan 15. april, må du sende ei melding til oss.

Treng du å utsetje leveringsfristen, kan du søkje om det via kontaktskjemaet vårt.

Viss bedrifta er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret (Mva-registeret), vil dødsbuet få eit brev med spørsmål om bedrifta skal drivast vidare. Skal bedrifta drivast vidare, må du svare på brevet. Viss vi ikkje får svar innan fristen, vil vi slette bedrifta frå Mva-registeret. 

Så lenge bedrifta er registrert i Mva-registeret, må du levere mva-melding på vegner av bedrifta. 

Avdøde sin ektefelle får tilgang til mva-meldinga når ektefellen sit i uskifta bu. Ektefellen kan levere mva-meldinga elektronisk.  

Rekneskapsførar kan levere mva-meldinga elektronisk. 

Andre arvingar må først velje ein fullmektig/ansvarleg for dødsbuet. Den ansvarlege, eller den som har fått fullmakt, må sende inn opplysningane via vårt kontaktskjema. 

Du må sende oss opplysningar om sal og kjøp fordelte på dei mva-kodane som er aktuelle for bedrifta. Du finn opplysningane i rekneskapen til bedrifta. Sjå oversikt over mva-kodar. 

Du kan også sende inn per post.  
Skatteetaten 
Postboks 9200 – Grønland 
0134 Oslo

Viss bedrifta har tilsette, må du som er kontaktperson for dødsbuet levere a-melding 

Forskottsskatt

Alle som driv næringsverksemd skal betale forskottsskatt av forventa overskott fire gonger i året.  

Viss du mottar faktura på forskottsskatt for den avdøde, må han betalast. Viss forskottsskatten er feil, må du endre skattekortet for avdøde. 

Fylle ut skjema for endring av skattekort/forskottsskatt. 

Restskatt, meirverdiavgift og andre krav 

Viss den avdøde har fått restskatt, krav om særavgift eller meirverdiavgift, sender vi krav om betaling til kontaktpersonen for dødsbuet.  

For å slette eit enkeltpersonføretak i Føretaksregisteret, må du som ansvarleg for dødsbuet fylle ut og signere papirskjema for sletting. Du må leggje ved skifte- eller uskifteattest.

Du finn meir informasjon om dette hos Brønnøysundregistera:

Skjema for sletting (brreg.no)

Viktig informasjon

Viss den næringsdrivande hadde rekneskapsførar, kan du kontakte rekneskapsføraren for å avklare kva oppgåver han eller ho kan gjere for bedrifta. 

Hvis den avdøde hadde aksjeselskap

Aksjeselskap har juridiske forpliktelser som må oppfylles, selv om eier, styremedlem eller daglig leder dør.

Det vil blant annet si at aksjeselskapet fortsatt må sende inn skattemelding, levere aksjonærregisteroppgave, levere mva-melding og levere a-melding hvis selskapet har ansatte.

De som arver aksjene, blir nye eiere av selskapet.

Et aksjeselskap må ha et styre som består av minst ett medlem. Styret velges av eierne, på generalforsamling.

Eierne bør kalle inn til ekstraordinær generalforsamling snarest mulig.
 

Et styremedlem kan overta midlertidig som styreleder i helt spesielle tilfeller, for eksempel ved dødsfall.

Styret bør kalle inn til ekstraordinær generalforsamling snarest mulig.
 

Skatteetaten har gratis kurs for nye næringsdrivende der vi informerer om hva du bør gjøre når du driver et aksjeselskap.

Avslutte bedrift