Pressemelding

I dag er siste frist for å levere skattemeldinga – dette skjer viss du ikkje leverer

  • Publisert:

Ved midnatt tysdag 30. april går fristen ut for å levere skattemeldinga. Så langt har 2,9 millionar allereie levert, og statistikk viser at kan vere lønnsamt for mange å sjekke tala i skattemeldinga.

Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten

Har du enno ikkje gått gjennom tala og levert skattemeldinga? Då byrjar du å få dårleg tid.

– Alle bør opne og sjekke skattemeldinga. Viss du ikkje sjekkar ho, bruker Skatteetaten opplysningane som ligg førehandsutfylte. Det kan bety at du risikerer å betale for mykje skatt, til dømes viss du ikkje har ført inn eit frådrag som du har krav på, eller at vi bruker feil opplysningar, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

4 gode råd

Gjengedal har følgjande råd til dei som no skal sjekke skattemeldinga i siste liten:

  • Sjå over opplysningane om inntekt, formue, bustad og lån som er førehandsutfylte i skattemeldinga di. Sjekk at tala stemmer.
  • Er du usikker på om du har rett til eit frådrag eller om det er andre frådrag du kan føre opp? Bruk no/fradragsveileder.
  • Har du selt eller leigd ut bustad? Det kan vere skattepliktig, og du kan ha krav på frådrag. Sjekk no/bolig.
  • Fyll ut det som eventuelt manglar! Du må sjølv leggje til mellom anna reisefrådrag, kryptovaluta, lån i utlandet og private lån.

Tal frå i fjor viser at mange har noko å tene på å sjekke skattemeldinga. Etter at skattemeldinga var levert og skatteoppgjeret kom, viste det seg at fleire fekk pengar til gode og færre fekk restskatt, samanlikna med beløpa før dei gjekk inn og sjekka skattemeldinga.

Kva skjer dersom du ikkje leverer – og andre vanlege spørsmål

Her er nokre av dei mest vanlege spørsmåla som blir stilte kring skattemeldingsfristen:

Kva skjer viss eg ikkje sjekkar skattemeldinga?   

Viss du er lønnsmottakar eller pensjonist og ikkje leverer skattemeldinga di før fristen går ut, reknar vi skattemeldinga som levert med dei opplysningane som var førehandsutfylte. Det er du sjølv som er ansvarleg for at opplysningane er rette. Derfor er det viktig at du sjekkar. 

Kva om eg ikkje rekk å levere innan fristen?

Du kan søkje om å få utsett fristen for å levere. Du kan få utsetjing på inntil 30 dagar, og fristen for å søkje er 30. april. Viss du får utsetjing, kan du ikkje rekne med å få skatteoppgjeret i juni. I fjor var det 77 000 personar som søkte om å få utsett levering av skattemeldinga.

Kva skjer om eg hugsar noko etter fristen har gått ut?  

Viss du oppdagar at du har gløymt noko eller du får nye opplysningar, kan du logge deg inn på skatteetaten.no, gjere endringane og levere skattemeldinga på nytt – det kan du gjere når som helst opp til tre år etter leveringsfristen.

Når kjem skattepengane mine?

Etter at du har levert skattemeldinga di, må Skatteetaten behandle ho og lage eit skatteoppgjer. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får igjen (til gode) eller kor mykje du må betale (restskatt).

Viss du har levert skattemeldinga, men enno ikkje har fått skatteoppgjeret, kan det til dømes komme av at du har gjort mange endringar, lagt til vedlegg som Skatteetaten må kontrollere, at du ikkje har oppgitt alle dei nødvendige opplysningane eller at du er tatt ut til ein tilfeldig kontroll.

Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart. 

Når må du betale restskatten?

Viss du får skatteoppgjeret før 30. juni, er betalingsfristen for den første fakturaen 20. august.

Utover hausten er det løpande skatteoppgjer, og då får du fakturaen seinast 3 veker etter at skatteoppgjeret er klart. Du får fakturaen i god tid før betalingsfristen.

Viss restskatten er over 1000 kroner, deler vi han i to like fakturaer.

Unngå renter på restskatten

Viss du ser at du får restskatt, kan du velje å betale han tidleg. Betaler du seinast 31. mai, slepp du å betale renter. 

Slik betaler du: https://www.skatteetaten.no/nn/person/skatt/skatteoppgjer/restskatt/kid-for-restskatt/.

 

FAKTA OM SKATTEMELDINGA OG SKATTEOPPGJERET FOR INNTEKTSÅRET 2023

Antal utsende skattemeldingar til lønnsmottakarar, pensjonistar og enkeltpersonføretak: 5,1 millionar

Antal utsende skattemeldingar på papir: 500 000

Antal opna: 4,0 millionar (digitalt)

Antal leverte: 2,8 millionar (digitalt)

Skatteoppgjer: 1,7 millionar

Sum skatteoppgjer: 22 milliardar kroner i skatt til gode